Espen Eriksen (t.v.) var tilbake i Avaldsnes kyrkje, kor han for nokre år sidan var vikarorganist. Denne gongen hadde han med seg Gunnar Halle på trompet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen (t.v.) og Gunnar Halle er vår julegåve til alle dei som kan komme seg på julelunsjkonsert den 18. desember.

Leiken flørt

Ein skal ikkje leike med innhaldet i salmeboka. Om ein ikkje gjer det leikent med piano og trompet, då…

Espen Eriksen er snart plateklar saman med trompetist Gunnar Halle. Dei har om ikkje djupdykka i salmeboka funne fram til songskattar dei vil gjere om til «sine», på sin måte. Sundag fekk me høyre ti av dei live i Avaldsnes kyrkje.
Medan sydausten buldra utanfor den gamle steinkyrkja så klarte duoen å skape ei fin stemning inne. Av og til kunne ein nesten høyre samspel mellom Halle sin karakteristiske trompetlyd og stormen.
For det handlar mykje om detaljar, lydar, stemningar og samspel når dei to tar føre seg av kulturskatten salmeboka tross alt er. Dei improviserer kanskje meir i studio enn i kyrkja, men ein lar seg rive med når kjende salmelinjer plutseleg tar ein uventa kurs og aldri kjem tilbake slik ein ventar. Eller når Eriksen omtrent ligg inne i det slitte pianoet og hentar ut nokre nye lydar og skaper nye melodilinjer bygd rundt det trauste og kjente.
Dyktige
Både Eriksen og Halle kan sitt fag og dei tøyer aldri strikken meir enn nødvendig. På ein lun og fin måte klarte også Eriksen å halde på sitt publikum med korte, men muntre innspel mellom songane.
For dei av oss som har følgt grindebuen i nokre år så ser me ein stor skilnad på Eriksen i duo med Halle og som ein av musikantane i hans eigen trio. Det blir kravd mykje meir av han i dette duokonseptet, noko me også registrerte då dei gjesta Tysværtunet med musikken frå duoens juleplate.
For dette er klassisk jazz. Først enten piano eller trompet, så litt i saman, så byter ein på å spele soloparti, før ein samlast til slutt. Når ein gjer dette med kjente songar skaper ein heilt klart fleire lyttarar i salen, enn det ein opplever på «vanlege» konsertar. Det er mykje å få med seg og det løner seg å sitte så nær som muleg.
Fem
Dette er ein klassisk femmar konsert. Strålande framføring, godt songval og dyktige musikantar. Men det blir aldri seksarar ut av slikt likevel. Det manglar den entusiasmen frå publikummet, det som løfter opp artistane slik at dei får ut det litle ekstra. I tillegg var det vanskeleg å høyre alt Eriksen sa mellom songane då han ikkje hadde mikrofon.
– Kjekt
– Utruleg kjekt at det kom så mykje folk og ville høyre på oss i dette forferdeleg vêret. Også kjekt å få spele her kor eg har vore vikarorganist. Nå ventar meir miksing av det nye albumet, før me slepp det. Eg trur me har klart å gi salmane vårt personlege avtrykk, og det var mykje å velje i. Responsen i dag var uansett god å ta med seg vidare, oppsummerte Eriksen.
Høgdepunkta sundag var «Veld alle dine veie» og ein fantastisk avslutning med «O, bli hos meg».

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Konsert
kaktus

Espen Eriksen og
Gunnar Halle
«Hymns»
Avaldsnes kyrkje
70-80 frammøtte
Eriksen piano og Halle trompet
65 minutt

Dette spelte dei:
Så går vi opp til Jerusalem
Vend bort din vrede
Kirken den er et gammelt hus
Noen må våkne
Å for djup i Jesus kjærleik
Leie milde ljus
Veld alle dine veie
Jeg råde vil alle
Vår Gud han er så fast ein borg
O, bli hos meg