Espen Eriksen er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Milevis frå støyen

For mange er Sildajazz gladjazz, fest og moro på Indre Kai. Heldigvis finst det lokale kor ein kan nyte musikken i fred og ro.

Av Alf-Einar Kvalavåg
For all del, Sildajazzen er ein stor folkefest kor interessa for folkelivet og lette sommarkveldar er meir tilstades enn interessa for jazz og sild. Sånn er det berre. Difor var det litt ekstra stas at eit av dei herlegaste augeblikka var i Festiviteten med ein ekte tysværbu bak flygelet. For det er ingen tvil om at Espen Eriksen har fått seg eit fortent namn innanfor melodiøs jazz. Pianobasert, leikent og lett fordøyeleg også for dei av oss som ikkje har hyllemeter med nettopp denne musikkforma.
Leikent
For det må kunne oppsummerast med to ord når Eriksen saman med Andreas Bye, trommer, Ole Morten Vågan, bass og Trygve Seim, saksofon, besøker Sildajazzen. Leikent og melodiøst.
For dei i salen som har lytta til Espen Eriksen Trio sine to første album blei konserten tett opp til originalane, sjølv om ein fekk meir utfyllande lydbilete i Festiviteten.

Me stoler på at me har sterke melodiar

Med Trygve Seim på saksofon fekk songane også ein ny og spennande solostemme. På Seim sine songar fungerte ikkje uventa trioen perfekt, tett og kompakt. Når ein vel å lage slik melodiøs jazz gir ein ikkje solopartia meir rom enn at hovudmelodilinja framleis ligg der og duvar.
– Me stoler på at me har sterke melodiar, og saman med Trygve fekk me denne gongen endå meir ut av dei enn det me gjer som trio. Me merka det då me øva i forkant, at dette satt raskt, og det håper og trur eg publikum merka. Det er ein balanse heile vegen kor mykje me skal dra ut frå grunnmelodien og kor mykje spontant me skal tillate oss. I dag blei det eit par overraskingar undervegs, men eg synest det fungerte svært bra, og dette er musikarar som likar å henge seg på og løfte melodiane, sa Eriksen.
Ikkje press
Etter rosande meldingar av dei to første platene satsar trioen på nytt materiale allereie neste år. Studio-tid blir det til vinteren og det skal kombinerast med mange spennande konsertar. Sør Korea, Russland, Sveits Tyskland, Kina og Japan står for tur. Slik er det med jazz. Noreg er for lite.
– Det er kjekt å endeleg stå på scenen her i Festiviteten under opninga av Sildajazzen. Det har vore eit mål for meg lenge. Sjølv om ein kan reise rundt om i verda og spele for opp til eit par tusen menneske så er det alltid spesielt å komme heim og spele på heimebane. Me spelar ein form for lyttemusikk kor folk i salen sit og lyttar. Eg håper dei hadde ein fin konsert, smilte Eriksen.
For Trygve Seim var også eit besøk under Sildajazzen litt spesielt. Saksofon-veteranen med det lett gjenkjennelege håret og skjegget såg ut til å storkose seg på scenen saman med trioen.
– Me fann veldig raskt tonen då me kom saman og Espen sin musikk passar svært godt for meg. Det gir mulegheiter til å legge på saksofon og vere med i lydbilete. Dette må me gjere meir av, smilte Seim.
Høgdepunkt
I løpet av ein dryg time og ni låtar vil det alltid sitte igjen eit par høgdepunkt. «Anthem» som opningsspor var genialt. Seim på saksofon fungerte, sjølv om dette er ein piano-bass låt. Så bar det rett over i «Grinde» som sto fram som svært så bra i sceneversjon. Deretter gjekk det litt i bølgjer fram til ein fantastisk versjon av «Oslo», som var ekstranummeret.
Sildajazzen har godt av slike konsertar og det same såg det ut som om publikum hadde. Skuldrene blei senka fleire hakk.

Faktaboks

Konsert
Espen Eriksen Trio
Sildajazz
Festiviteten
Espen Eriksen, piano
Andreas Bye, trommer
Ole Morten Vågan, bass
Trygve Seim, saksofon
Publikum: 130
Dette spelte dei:
Anthem
Grinde
On the sea
Begining & Ending
Komeda
Fall
Ainamero
Intermezzo
Tvi Twin
Oslo