LidoLido med nytt album.
LidoLido med nytt album.

Litt for ein kvar smak

LidoLido slepp 14. juni albumet «Battle Poetry». Me har latt øyrene få kjørt seg med dei nye låtane. Solid handverk og litt for ein kvar smak. Her er låt for låt:

Work (intro)

Ein pianoinspirert start på plata. LidoLido er leken og seilar med på det som er introen og oppbygginga til kva som er i vente. Typisk Lido å starte slik.

Us (The Anthem)

Allereie på låt to er rapparen LidoLido i gang. Lett slepen drar han oss gjennom eit stykke musikk som veks og veks dess lengre ut i låta ein kjem. Det er funne plass til litt trøkk, men det hadde vore plass til meir. Det blir litt snilt. Pluss for stødig vokal.

Make The World Go Round

Singelen sitter betre og betre for kvar gong me høyrer den. Utan tvil eit av dei beste spora på albumet. 

Som sagt før så gleder me oss til denne kjem live på Alvanuten. Dette er fengande saker skapt for lange lyse kveldar på full guffe.

Heartbreak In The Club

Hjarteskjerande sak dette. Nok ein gong sterk vokal men litt sånn dusinrap. Tar aldri heilt av, men det er kanskje meininga også. Ein statisk synthlyd følgjer oss gjennom låta. Vanskeleg å sjå at dette blir ein hit.

Drums pt. I

Ny statisk synth durar og drar i gang. Slepen og solid vokal drar oss gjennom denne låta som på mange måtar fell i klassen; stiiilig… Har mykje i seg som kan gjere den til ei solid livelåt.

Drums pt. II

Ny kul låt kor trommer spelar ei hovudrolle. Men kvifor ikkje dra til skikkeleg Peder. Kontrastane mellom meir hissige trommer og den slepne vokalen hadde vore heilt utruleg stilig. Nå blir det sånn midt mellom, men ei låt det kan gjerast mykje gøy med på ein konsert…

Sleeping On My Piano

Utan tvil platas høgdepunkt. Også denne songen blir betre og betre for kvar gong den dukkar opp. Er ein radio-hit allereie og ei skikkeleg godlåt. Her er det vendingar og stilskifte på løypande band. Eit knapt fire minuttar lang herleg oppleving og musikk som passar for alle og som ein fort får på hjernen. Meir slik, me vil ha meir…

She Cried Ice (Interlude)

Når han først er i gang på pianoet så følgjer han opp med noko så uttypisk som ein pianoballade. Som tittelen tilseier av den meir tungsindige  sorten. Det støttast fint opp med strykarar. Ein flott låt og vokalist LidoLido viser nok ein gong styrke. Tett opp til «Sleeping on …»

Colder (feat. Maria Mena & Bun B)

Bun B og Maria Mena er med på «Colder». Store stemmer som passar godt til ein lett slentrande LidoLido. 

Spesielt stilig var bidraget frå Maria Mena. Lett og herlig poplåt dette etter ein periode med melankolsk pianosound. Men kva er det med kjærleiken Lido? Gode songar blir det uansett.

Meeko

Endeleg er det rydda plass til litt gitarriff. Leiken og elegant start på låta. Ny reinspikka rap med eit songbart refreng. Me er godt over halvvegs og det som slår ein så langt er variasjonen og kvaliteten på det som strøymer mot oss.

Caroline

Plutseleg er me over på elektronikka a`la LidoLido. Ein sugande song om Caroline kor det er vanskeleg å henge med på alt Lido og eit vokaltungt kor gjer. Det skulle vere meir mørkt denne gongen og her er eit døme på det. Sugande? Ja. Bra? Tja.

Everything (interlude)

Eit nytt mellomspel (interlude) og ein pustepause etter «Caroline». Lightpop og eit fint lite og lyttbart stykke musikk. Bredda i komponist Losnegård sitt musikalske univers kjem godt til syne her. Flott er vel det rette ordet på denne låta kor han også får vokalhjelp av Dorothea Økland.

Simple

Meir slentrande popmusikk. Synth og LidoLido på vokal. På ein måte typisk. Overraskande vokal kor mykje av vokalen og synthen på ein stilig måte glir inn i kvarandre. Så er det berre å strø på med detaljar. Behageleg stykke dette.

Looks Like You

Ny lettslepen song kor LidoLido får flott vokalhjelp av Ingvild Lunde. To gode stemmar som leikar seg gjennom ei fengande poplåt. Mykje sommar i musikken etter ein litt mørkare periode på plata.

Ode To The Old You

«Sitter her og tenker gjennom livet song». Perfekt utgangspunkt for ein raper som LidoLido. Ein lang og variert song kor artisten gir mykje av seg sjølv. Det nærmar seg slutten av plata og dette er absolutt ein song som ein godt kan kjøre om i igjen med ein gong.

No Lights Left

Det er ikkje meir lys att, men nok av trøkk. Nok ein song som kjem til å bli ein live favoritt. Her er det litt av alt, komposisjonen opnar for fart og moro både her og der. Ein solid avrunding på plata. Reknar med at gitaristen tar seg av det meste av kompet på denne plata når publikum står framføre og ventar på ein konsert.

Totalt sett har LidoLido tatt eit nytt steg med plata « Battle Poetry». Kanskje har den ikkje dei kjempehitsa som me fekk på debutplata, men dette er gjennomført, variert og spanande å lytte til. Nokon av songane kunne han nok ha gøymt i nattbordskuffa, men det er ingen tvil om at Peder Losnegård vil vise bredda i det universet han komponerar i.

Det er ingen seksar og heller ikkje ei plate som vil gå inn i historia som ei som finst i kvar ei platesamling. Men for dei som likar seg i lydbilete mellom fengande rap og solide poplåter, så er dette midt i blinken. Og dei er det mange av.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

LidoLido

Battle PoetryLidoLido-album-front-300dpi-CMYK

CD

Universal 2013

Mix: Rudolf «Rootzy» Fredly

Speletid: 1.08.35 timer