Liv Signe Navarsete var innom Tysvær ein snartur for å lytte til kva lokalpolitikarane meinte om mellom anna kommunesamanslåing. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Liv Signe Navarsete var innom Tysvær ein snartur for å lytte til kva lokalpolitikarane meinte om mellom anna kommunesamanslåing. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Navarsete lytta til lokalpolitikarane

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møtte i dag partkollegaer fra Haugalandet i Tysværtunet. Tema var kommuneøkonomi og kommunesamanslåing.
– Dette er spørsmål som engasjerar lokalt. Difor er det viktig å reise rundt å lytte, sa ministeren.

Bekymringar for ei ny Høgre styrt regjering var tydeleg rundt frukostbordet då Navarsete lot lokalpolitikarane frå Senterpartiet fortelle om sin kvardag.

– For oss vil det få store konsekvensar om Høgre kjem til makta og gjennomførar sine planar om eigedomskatt, sa Aasmund Austerheim, medan ministeren noterte flittig.

– Me trur ikkje på kommunesamaslåing om det ikkje kjem som eit ønskje frå folket. Det såg me når Tysvær og Bokn prøvde seg, sa Sven Ivar Dybdal.

Vanlege synspunkt

– Dette er heilt vanlege synspunkt som me treff på rundt om i landet. Dette valet har mykje lokalpolitiske saker i seg. Kommunesamanslåing, kommuneøkonomi og ikkje minst transport bør engasjere veljerane til å stille opp. Som eg sa til nokre ungdommar på Norway Cup i går. Stemmer ikkje dokker, er det nokon som bestem over dykk. For Senterpartiet er det svært viktig at folk nyttar seg av stemmeretten sin, sa mellom anna Navarsete under besøket.

Meir om statsrådbesøket i neste papirutgåve den 8.8