Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

– Eit umogleg forslag

Overarbeidde lærarar, færre studentar, dårlegare undervisning og manglande oppfølging av elevane. Dette er noko av det lærarstudentane Helene Breitve og Marianne Grindheim fryktar – om KS sitt forslag går gjennom.

Av Mona Terjesen

Kommunanes Sentralforbund (KS) ønskjer at rektorane skal ha råderett over lærarane si arbeidstid. At årsverka skal fordelast på opptil 45 veker, mot dagens 39 – etter drøftingar på kvar enkelt skule. Reaksjonane har vore massive etter utspelet frå KS. Med god grunn, meiner studentane Helene Breitve og Marianne Grindheim.
Dei to går fjerde og siste året på lærarskulen og fryktar for korleis arbeidskvardagen deira vil bli når dei om eit halvt år er ferdigutdanna og skal ut i jobb.
– Å vere lærar er ein fulltidsjobb, det er umogleg å forutsjå korleis dagane blir og ein er avhengig av å kunne ha noko fleksitid, seier Marianne frå Nedre Vats, busett i Førresdalen.
Helene frå Grinde, er einig.
– Eg har ingenting imot å jobbe i ferien, men då må me opp i lønn, eller få overtidstillegg. For det kjem det til å bli. Det er fullstendig umogleg å få gjort alt ein skal som lærar mellom åtte og fire. Dette handlar om elevane, deira beste. Det er dei dette kjem til å gå utover, kommenterer ho.

Les heile saka i papirutgåva, eller kjøp avisa på nett her:

https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/