Me gir denne prisen fordi me er opptatt av miljøet, seier Kjartan Alexander Lunde.
Me gir denne prisen fordi me er opptatt av miljøet, seier Kjartan Alexander Lunde.

Søker kandidatar til miljøpris

Rogaland Venstre deler årleg ut Rogaland sin eldste miljøpris. Nå søkas det etter gode kandidatar for 2014. Det er ein del år sidan prisen blei gitt til nokon i Tysvær…

Rogaland Venstre delar årleg ut Rogaland sin eldste miljøpris. Nå søkas det etter gode kandidatar for 2014. Prisen deles kvart år ut til ein person, bedrift, føretak eller foreining som har gjort ein ekstra stor innsats for miljøet i løpet av fjoråret.

– Me gir denne prisen fordi me er opptatt av miljøet, og me meiner det er viktig at dei som bidreg til å gjera ein innsats for å fremme miljøvennleg åtferd får litt ekstra merksemd, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

I 2013 vart prisen tildelt Norges speiderforbund i samband med landsleiren deira i Stavanger. Prisen vart då gitt for det viktige arbeidet speidarbevegelsen gjer for å læra ungdom om naturen, og for den miljøvennlege profilen som landsleiren hadde.

– Prisen kan bli tildelt alt frå klassisk naturvern, sikring av friområde, arbeid mot lokal forureining, kamp mot radioaktive utslipp frå Dounreay og Sellafield. Eller det kan væra arbeid for å motverka klimaendringar og truslane mot dei livsviktige økosystema, seier Venstre-leiaren.

– Me har hatt miljøutfordringane som ein av partiet vårt sine hovudsaker sidan 1960-tallet og eg er stolt over at Rogaland Venstre delar ut Rogaland sin eldste miljøpris, seier Lunde. Prisen er 27 år i år.

– Nå håper me å få inn forslag på mange gode kandidatar og i år. Fristen for å foreslå kandidatar i år er 11. mai.