Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.

Harald Stakkestad: – Eg tar ikkje ein ny periode

Ordførar Harald Stakkestad har brukt påsken til å bestemme seg. Han gir seg som lokalpolitikar og ordførar etter neste års val. – Ikkje eit lett val å ta, men eg må tenkje meir på meg sjølv. Nå får andre ta over, seier Stakkestad.

– Seks periodar, to av dei som ordførar får vere nok, meiner den svært så populære ordføraren frå Høgre. Etter brakvalet sist var det mange som nå hadde håpa på fire nye år. Slik blir det ikkje.
– Ei endeleg avgjersle?
– Ja.
– Kva skjer nå?
– Eg har gitt valkomiteen vår beskjed om at eg ikkje tar atval og dei skal nå i gang med prosessen for å finne ein ny toppkandidat. Det er eit viktig arbeid, som eg trur dei klarar bra.Eg trur det er svært viktig for veljarane at den kandidaten kjem tidleg på plass.

Meir om Stakkestad i papirutgåva på torsdag.