Daniel Mikkelsen redda straffen frå Magne Christiansen, men Christiansen tok hevn og skåra to mål i 4-4-oppgjeret i Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Daniel Mikkelsen redda straffen frå Magne Christiansen, men Christiansen tok hevn og skåra to mål i 4-4-oppgjeret i Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Daniel redda stumpane

Falkeid leia 4-0 over serieleiar Ølen til pause. Så gjekk det på ein fullstendig kollaps. Tre minutt på overtid utlikna heimelaget til 4-4. Men det kunne enda endå verre utan ein vaken Daniel Mikkelsen i mål.

– Det skal nesten ikkje gå ann. Me vant ikkje ein einaste duell etter pause. Der kor me i første omgang vann duellane og var effektive og skåra på fire av fem sjansar, var alt snudd på hovudet etter pause. Forferdeleg trist å rote vekk dette, seier trenar Frode Hundsnes.
Han har nettopp sett heimelaget hente opp 4-0 og utlikne tre minuttar på overtid. Målet til Mikal Vaka var det ingenting å gjere noko med.
– Den såg eg ville fyke inn i vinkelen med ein gong han traff. Eg skjønar ingenting av det som skjedde i andreomgangen. Før pause hadde me full kontroll, vann alle duellane og skåra fire mål. I andreomgang var det heilt forferdeleg å stå bak der. Dei slapp til med alt, seier keeper Daniel R. Mikkelsen.
På stillinga 2-0 redda han meisterleg straffe frå Magne Christiansen og Rune Lindanger auka rett etter til 3-0 med eit av sine tre mål. Men Christiansen slo tilbake og skåra to av heimelagets mål.
– Eg skjønar ingenting. Dette var ein merkeleg kamp, seier Falkeid-keeperen som hadde fleire svært viktige inngripen i kampen..

Kollaps
I første omgang hadde Falkeid full kontroll. Sondre Voll og Geir Espevik tok alt som kom. I andre omgang var det full stopp over heile lnja og mot slutten blei det panikk.
– Trist at me ikkje klarar å spele to gode omgangar. Når me ikkje vinn duellar på midtbanen mot robuste lag som Ølen, ja då blir det fort slik som dette. Likevel, dette skal ikkje gå ann, repterte ein frykteleg skuffa Falkeid trenar.

Meir i papirutgåva neste veke.

Husk å tippe:
https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/

Meir om Falkeid:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/10/stegaberg-knuste-falkeid-5-0/

https://tysver-bygdeblad.no/2014/04/03/uavgjort-falkeid/

Faktaboks

Ølen 4 (0)
Falkeid 4 (4)
5. div. avd. 3
Ølen stadion
0-1 Rune Lindanger (3)
0-2 Kjell A. Lindgren (14)
0-3 Rune Lindanger (28)
0-4 Rune Lindanger (42)
1-4 Magne Christiansen (53)
2-4 Rune Torstenbø (72)
3-4 Magne Christiansen (82)
4-4 Mikal Vaka (90)
Dommar: Tony Liestøl, Haugar
Gult kort: Sondre Voll og Jan Egil Kallekodt, FIL og Magne Chrstiansen, Sølve Østbø og Hans Rørtveit, Ølen.
Raudt kort: Hans Rørtveit, Ølen