Ryddig prosess

Harald Stakkestad er ein populær ordførar. Så populær at sjølv konkurrentar frå andre parti meiner det er trist at han gir seg ved neste val, hausten 2015.

Det er bevist ved sist val at Stakkestad hadde det litle ekstra med seg, det som gjer at han blir ein Tysvær-ordførar for historiebøkene. Valoppslutninga var formidabel, spesielt med tanke på valkampen, som hadde vore prega av hendingane i Oslo og på Utøya.
Når han nesten halvanna år før neste val, gjer som partikollega Petter Steen jr., seier tydeleg frå at han ikkje stiller, så har han starta ein ryddig prosess med å finne sin erstattar. Om han eller ho kjem frå Høgre vil tida og valet vise. Men «alle» partia veit nå at kampen om veljarane blir annleis når ikkje Stakkestad står på listene.
Me har fleire gonger, også på leiarplass, sagt klart frå om kor viktig det er for listearbeidet i Tysvær at ting er avklart. Med ein så tydleg leiar som Stakkestad har hans avklaring vore svært sentral. Me har sagt at han gir seg for lenge sidan, men veit at det har vore eit sterkt press på å få han til å ta ein periode til. Det frå mange hald. At han nå seier takk for seg opnar for ein svært spennande politisk haust og vår i Tysvær.
Allereie for fleire månadar sidan fekk me innspel til Bygdebladet om kven som burde vere den neste ordføraren i Tysvær. Og når me med ujamne mellomrom treff engasjerte lesarar og spør får me svar. Men dei svarar ikkje dei same.
Ola S. Apeland er i mine auge ein av favorittane til å stå som nummer ein på Høgre si liste. Han vil saman med Arvid B. Bakken garantert vere mest ønska av nominasjonskomiteen også. Begge kan heilt sikkert, basert på tidlegare politisk arbeid, gjere ein god jobb. Men det er slett ingen garanti for at Høgre automatisk også stikk av med ordførarkjede.
Kva gjer Arbeidarpartiet nå som dei er sikre på at Høgre sin nummer ein ikkje heiter Harald Stakkestad. Vil dei då kjøre fram Sigmund Lier for alt det er verdt, eller vil dei vente å sjå det litt ann. Og kva med Framstegspartiet. Der raknar det i alle endar, og Karsten A. Larsen og Lars Birger Baustad skal få ein formidabel jobb med å få på plass ei liste som kan utfordre dei to andre store Tysvær-partia.
Dette kan vere både plussar og minusar om Høgre ser for seg fire nye år med ordføraren. Og i Tysvær er den jobben svært viktig. Den er synleg og det er ordføraren som blir dratt fram når både media og folk utanfrå skal snakke «med» eller om Tysvær. Det er ein jobb Stakkestad har gjort med bravur. Difor blir han vanskeleg å erstatte, både for Høgre, men også for andre parti med ein ordførarkandidat.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør