Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Åtvarar mot usikra hus

Politimeisteren i distriktet og lensmannen i Tysvær går no ut og åtvarar mot innbrot i ferien. Det er viktig å sikre huset skikkeleg, påpeiker dei.

Av Mona Terjesen

– Mens vinningskriminaliteten i seinare år har minka i omfang per tusen innbyggar, ser ein likevel tydeleg ein auke i grove tjuveri, særskilt frå bustadar. Og ferietida er høgtid for denne typen kriminalitet, seier politimeister Steinar Langholm.

Auken i grove tjuveri ser ein i samanheng med frammarsj av mobile vinningskriminelle. Sjølv om det er grove tjuveri mot bustadhus som har den største prosentvise auken på statistikken, er også tjuveri frå byggeplassar framleis eit populært mål for vinningsforbrytarar.

Pass på

– Frå i fjor sommar og til i vår, opplevde me ei rekke grove tjuveri, mellom anna frå bustadar. Mange av dei har vore vanskelege å oppklare. Dei som har tatt seg inn hos folk, har gjort det då husa står tomme. Det er viktig å syte for at det ser ut som om folk er heime. Tøm postkassasen, la det vere noko igjen i søppelkassane, allier deg med naboane så dei ser etter huset ditt – og gjerne flytter litt på tinga dine på uteområdet. Syt også for at det ikkje ligg reiskap tilgjengeleg så tjuvane kan bryte seg inn med. Så til slutt; kanskje det beste verknadsmiddelet for å unngå innbrot er alarm, seier lensmann i Tysvær Racin Tjøsvoll.

– Ofte er det berre små grep som skal til for å sikre eigedomen på ein god måte, nikkar Langholm og legg til at ein først og fremst må hugse å låse dører og lukke vindaugo, ta husnøkkelen med deg når du går, merk og oppbevar verdigjenstandar på ein trygg stad, inkludert bilnøklar, syklar osv, fjern stigar rundt huset og lås dei inn, ver varsam med å skrive på sosiale medium at ein er på ferie, bedrifter bør låse inn det dei kan av verdifullt utstyr, og meld ifrå til politiet dersom du ser noko mistenkeleg.