«Munnkurv i kommunestyret?»

Dei siste vekene har det føregått ein debatt i TB etter eit kommunestyrevedtak om Økonomiplan og rammer for 2015-2018. Denne saka  førte til ein frisk diskusjon i kommunestyret. Saka har vore framstilt som om det er usemje i Krf. om rammer for økonomiplanen for dei neste åra.  Det er det ikkje.  Underteikna  var begge enige om at Krf. ville gå for saksframstillinga slik den var framlagt frå rådmannen . Derfor stemte heile Krf. gruppa for dette saman med dei andre. I debatten var det som gruppeleiar viktig for meg å understreka dette. Det var heller ingen nye forslag som blei lagt fram av A.K. Askeland.

Likevel  er det ingen tvil om at Krf. er skeptisk til ein del av forslaga i Agenda Kaupang sin rapport  og som vil ha store økonomiske konsekvenser for kommunen. Vi i Krf. ville derfor signalisera alt nå at me kan komma til å stemma for å dra sparekrava  noko ut i tid eller redusera noko på sparekravet.  Det å komma med innspel og ytringar i kommunestyret er ein demokratisk rett og ein sunn og nødvendig framføring av ulike synspunkt.

Kristine Aurdal, gruppeleiar Krf

Arne Kjell Askeland, kommunestyrerepresentant Krf