Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan er ute med ein ny singel.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan er ute med ein ny singel.

Ny singel frå Tenorane

1. august slapp Tenorane og Steffen Horn singelen «Uovervinneleg».

– Me har prøvd å få ut ein singel i halvåret og nå kjem vår fjerde. Det passar godt inn, for i år har me hatt nokre kjekke oppdrag på somarstid, mellom anna i Baroniet i Rosendal. Me har sunge denne songen før, men då med engelsk tekst, seier Aasmund Kaldestad.
Teksten er ei omsetjing av den engelske poeten William Ernest Henley sitt dikt «Invictus». Gjendiktinga er ved Johannes Gjerdåker.
– Sidan diktet vart skrive i 1875 har det inspirert mange, og særleg dei som opplever alvorlege tider som Nelson Mandela: Han hadde det med seg på cella under si 27 år lange soning på Robben Island, nedskrive på ein liten lapp. Og nesten 140 år etter er teksten framleis skremmande aktuell, med sin bodskap om å stå imot truslar og vondskap, seier Aasmund Kaldestad som har laga melodien.
Variert
Tenorane og Steffen Horn er: Ola Marius Ryan, tysværbuen Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og pianist Steffen Horn.
– Me jobbar for tida med litt forskjelleg frå julekonsertane til sommarkonsertar. Av og til dukkar det opp slike songar som dette, kor tekst og bodskap er sterk. Sidan me starta opp i 2011 har me likt å dra i alle retningar musikalsk og slik er det nå også, seier Kaldestad.
– Nesten litt personleg denne songen?
– Ja, det kan ein godt seie. Den kan nok tolkast som ein vil, men for meg er det også slik at eg har hatt tunge stunder i livet, mellom anna då eg slutta i Nordic Tenors. Då hadde eg det tøft. I slike studer kan musikk og gode tekstar vere til stor hjelp.
– Det er samstundes ein flott song.
– Ja, me håper at folk meiner det. Det er det beste eg har laga og det er ein song me er stolte av å synge. Me har mellom anna hatt den som ekstranummer og fått gode tilbakemeldingar.
– Snart jul?
– Ja, det nærmar seg konserten i Tysværtunet. Me håper at den vil halde fram som ein tradisjon. Me kjem til å byte ut nokre av songane frå i fjor og kanskje arrangere det heile på ein annan måte. Me får sjå. Me har begynt å nynne litt på julesongane og gleder oss til jul, avsluttar Aasmund Kaldestad.

Faktaboks

Skjermbilde 2014-08-14 kl. 13.43.18

«Uovervinneleg»

Tenorane og Steffen Horn
Singel
Utgitt 1.8.2014
Sterk tekst til flott meldodi
William Ernest Henley/ Aasmund Kaldestad