Eriksen og Halle

Eit meisterverk

Ein skal vakte seg vel for å leike seg med salmeskatten. Skal ein gjere det må ein gjere det slik som duoen Espen Eriksen og Gunnar Halle.

Plata «Psalm» som kjem ut om kort tid er eit meisterverk. Ikkje fordi det er storslagent og slår lufta ut av ein, men heller motsett. Dei har plukka ut åtte på mange måtar kjente og kjære salmar. Dei har funne melodilinja og boltra seg forsiktig både hit og dit. Dette er jazz, dette er melodiøs tryllekunst utført på eit nystemt flygel og med Halle sin trompet som førstestemma på dei aller fleste songane.
Tett
At dei to har spelt saman lenge gjer at samspelet er til å ta å føle på. I «Å for djup i Jesu kjærleik» kan ein nesten ikkje stoppe med å lytte etter det intense samspelet mellom dei to. Det same skjer i opningssporet «Se vi går opp til Jerusalem».
Felles for mange plater av denne typen er at solistane fritt får dominere på kvart enkelt spor. Det er ei innleiing, eit uendeleg soloparti og ein avslutning. Her er det ikkje så tydelege skilje. Her er samspelet, kvar enkelt tone mykje viktigare enn lange soloparti. Det blir melodiøst og det bli spennande vakkert.
Grindebuen Espen Eriksen har lenge imponert med sin klang i flygelet. Enten som frontfigur i sin eigen trio, men også i andre anledningar. Denne klangen og sansen for den gode melodien passar uvanleg godt til Gunnar Halle sin tidvis rue trompetstemme. Det er som om håra reiser seg både på armar og i nakken når han får blåseinstrumentet til rustent å fortelje si historie.
Ekte
Nokre vil kanskje seie at dei har vandra for langt frå originalane, men det er ikkje mi meining. Dei har funne det viktigaste i kvar melodi. Salmar er ofte innvikla, men tydelege komposisjonar. Å leikent vandre rundt på hovudmelodilinja fungerer. Først og fremst fordi ein her snakkar om to dyktige musikarar, men også fordi piano og trompet langt på veg er perfekte instrument til å formidle nettopp denne songskatten.
Det er ekte, det er spelt inn live med den kjensla slike innspelingar gir musikarane. Dei har bokstaveleg talt kjent seg fram, og funne den forma som passar best for kvar enkelt salme. Saman med produsent Jan Erik Kongshaug har dei nytta all den erfaring og historiske jazzklang som heng i veggane i Rainbow studio.
Favoritt
Dette er ei plate ein spelar når ein har tid til å lytte og nyte. Det er ei plate som for all ettertid vil gå inn som ei av dei nydelegaste jazzplater som er utgitt i Noreg. Og for å toppe det heile valte dei «O bli hos meg« som avslutningslåt.
Den er så vakker, sart og fantastisk at det i seg sjølv er nok til å kjøpe seg ei plate.
Det er det ikkje alle artistar som klarer å få til i løpet av 1.57 minuttar.
«Psalm» er på mange måtar ein oppfølgjar frå juleplata dei to gav ut i 2010; «Meditations On Christmas». Likevel har dei klart på ein nesten umerkeleg måte å ta det opp til eit endå høgare nivå. Det merker ein om ein set av tid, lener seg tilbake, lukkar augo, lyttar og nyt.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Skjermbilde 2014-09-08 kl. 17.06.49

Psalm
Espen Eriksen, piano
Gunnar Halle, trompet
Grappa 2014
8 salmar i nye arrangement