Det er slike dagar en jobbar fram mot. Opninga av Førrekrysset var ein stor dag for Astrid Eide, ordførar Harald Stakkestad og Einar Færaas. Nå skal dei snart i gang med Førrestjørnakrysset på andre sida av tunnellen.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er slike dagar en jobbar fram mot. Opninga av Førrekrysset var ein stor dag for Astrid Eide, ordførar Harald Stakkestad og Einar Færaas. Nå skal dei snart i gang med Førrestjørnakrysset på andre sida av tunnellen.

Aldri vore så mange vegprosjekt

Dei står i kø og stangar. Ikkje bilistane, men vegprosjekta i Rogaland. Då er det ein ting som gjeld. Prioriteringar.

Vår eigen «vegsjef» Astrid Eide har eigentleg ferie, men stiller opp når me ber om det er muleg å få ei forklaring på korleis stat, fylke og kommune tenkjer når det skal lagast veg. For aldri før har Statens Vegvesen brukt meir pengar på nye vegprosjekt og vedlikehald. Og aldri før har folket ønska seg meir.
– Det har dei siste åra vore ei markant auke i prosjekt knytt til samferdsle på veg. Det har vore, og kjem, store prosjekt som både tar mykje tid og kostar summar me ikkje høyrte snakk om før. Rogfast, ny E134 over fjellet, Hordfast, Ryfast og pengar nytta av Haugalandspakken. Og midt i dette ligg Tysvær som ikkje har «mindre» enn to europavegar. Det er mykje som har skjedd, men dei største prosjekta er ennå ikkje i gang, seier Eide.
Prioriteringar
Eide sit og lyttar når me går gjennom ønsker og idear våre lesarar har spelt inn til oss dei siste åra. Kryss på Slåttevik, Aksdal, Frakkagjerd og i Førre. Sykkelvegar og gatelys. Fire felt frå Bokn til Aksdal, midtdelarar og mykje meir.
– Dette kjenner me sjølvsagt godt til, og mykje av dette er allereie inne på våre prioriteringslister og i Nasjonal Transportplan (NTP) som er nøkkelen her. NTP styrer mykje av vår kvardag og er det som er heilt avgjerande for større prosjekt.

Les heile saka i papirutgåva.