Geir Espevik og Kristoffer Askeland. Mange duellar og tilslutt var det Askeland som var sigerherren. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Geir Espevik og Kristoffer Askeland. Mange duellar og tilslutt var det Askeland som var sigerherren. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.27.50
Bilde 2 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.27.59
Bilde 3 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.28.14
Bilde 4 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.28.25
Bilde 5 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.28.38
Bilde 6 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.28.54
Bilde 7 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.29.05
Bilde 8 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.29.22
Bilde 9 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.29.43
Bilde 10 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.30.03
Bilde 11 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.30.25
Bilde 12 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.30.40
Bilde 13 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.30.52
Bilde 14 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.31.00
Bilde 15 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.31.07
Bilde 16 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.31.23
Bilde 17 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.31.36
Bilde 18 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.31.47
Bilde 19 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.32.05
Bilde 20 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.32.18
Bilde 21 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.32.35
Bilde 22 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.32.43
Bilde 23 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.32.56
Bilde 24 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.33.11
Bilde 25 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.33.23
Bilde 26 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.33.31
Bilde 27 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.33.41
Bilde 28 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.33.58
Bilde 29 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.34.05
Bilde 30 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.34.15
Bilde 31 av 32
Skjermbilde 2014-08-21 kl. 21.34.31
Bilde 32 av 32

Er kvitt Falkeid-spøkelset

Falkeid var lenge eit mareritt for Stegaberg. Men det var før. I kveld vann Stegaberg for andre gong på rad, fullt fortent 2-0. I ein kamp som vakna til liv etterkvart var det både tøffe duellar, straffesituasjonar og flotte mål.

Stegaberg med og utan brødra Stakland har me snakka om før. I dag var dei med, noko Falkeid sette lite pris på. Dei to midtbaneterriarane gjorde at heimelaget kunne ta seg god tid før dei gjekk til angrep. Men då Stegaberg sette fart framover med Kristoffer Askeland og Dag Frode Tønnesen blei Falkeid-stopparane parkert.
– Det er herleg å slå Falkeid. Det er noko eige med dei kampane. me brukte litt tid, men det kjentes ut som om me hadde full kontroll, meinte banens beste Jarle Stakland.
Lynkjappe Askeland sendte i veg eit uventa skott, keeper Daniel R. Mikkelsen måtte gi retur og der sto Dag Frode Tønnesen og venta på sin skåring nummer åtte for sesongen.
Trist
Ein av dei som måtte gi seg i duellen med kjappe Askeland var Geir Espevik.
– Me også hadde ei kjensle av at me hadde kontroll så lenge begge laga låg lågt og ikkje tok for mykje sjansar. Men då dei sette fart gjekk det for seint med oss «gamlingane», sukka Espevik.
– Den positive trenden mot Stegaberg er i ferd med å snu?
– Ja, det ser ille ut. Men me er nøydt til å skåre mål for å vinne kampar. I dag hadde me ikkje sjansar nok heller, seier midtstopparen.
Kjekt
Når nokon er triste, er det sjølvsagt andre som er blide. Ein av dei aller blidaste var Josef Alidani.
– Kjekt å skåre det aller første seriemål på a-laget mot Falkeid. Har alltid vore krig når me har møtt dei. Eg fekk ein kjempesjanse, såg ingen keeper og berre dundra ballen i mål, smilte ungguten.
Kom seg
Etter ein tam 1. omgang tok heimelaget meir og meir over. Spesielt på midtbanen var det klasseskilnad. Og med Tønnesen på topp blir det som oftas eit mål.
I tillegg til måla hadde Stegaberg to situasjonar kor det kunne blitt straffar. Dei hadde vore meir enn billige. Vegard Stakland var frimerke på Rune Lindanger i heile kampen, men det var Lindanger som var oppe med nevane og dytta Stakland i 16-meteren. Sondre Voll fekk eit skott i sida kor armen var heilt inntil, så dommar Rolf Magne Kristiansen gjorde heilt rett då han vinka dei heile vidare.

Andre resultat:
Ølen – Ferkingstad 4-1

Meir om kampen og spelarbørs i papiravisa neste veke.

Faktaboks

Stegaberg 2 (0)
Falkeid 0 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Dag Frode Tønnesen (52)
2-0 Josef Alidani (90)
Gult kort: Jarle Stakland og Terje Kristiansen, Stegaberg og Stefan Mjånes og Bertin Gismarvik, FIL
Dommar: Rolf M. Kristiansen, Vedavåg