Nye tider, nye meiningar

Det er allereie gått åtte dagar sidan 200 mennesker møtte opp i Tysværtunet for å høyre på Agenda Kaupang sine råd til Tysvær kommune.

Kva forventningar ein hadde til møtet er vanskeleg å seie, men skal ein tolke mange av spørsmåla frå salen, så var dei store.
Ein vil ha raske og enkle svar. Fleire hoppa litt i setet då det blei meir og meir tydeleg at me har fått eit «nytt» Tysvær kor «alle» er blitt til «oss». Dette er ein trend som har komme snikane inn i kommunen dei siste åra, og det er berre å bli vant til det.
Me såg dei første tendensane då Stegaberg skule blei vurdert lagt ned like før valet for sju år sidan. Me fekk ultralokale representantar inn i kommunestyret, som på mange måtar hadde eit fokus og ei sak.
Me fekk eit endå tydlegare teikn ved siste kommuneval for tre år sidan. Då mobiliserte søre-Tysvær og fekk inn ei rekke representantar som ville slåss for ny skule, nye bustadområde og betre vegar – i søre-Tysvær…
Og nå kjem ein ny geografisk «krig». For når det framføre ordførar, rådmann og 200 frammøtte blir, frå Nappatjørn, snakka om å måtte blø fordi småbygdene vil halde på skulane sine, ja då ser ein kva som kjem i den neste valkampen.
På ein måte er dette noko nytt for politikarane i Tysvær å takle. Dei må i langt større grad lytte til kva veljarane er opptekne av. Ordet politisk sjølvmord heng som ein trussel over dei som ser for seg fire nye år med makt.
Grunnen til dette er at fellene denne gongen er så opplagte at kvar enkelt er nøydt til å sjå dei og finne si løysing på utfordringane. Så må resten av representantane for partiet vere samla. Dei som vinglar og spriker med sine meiningar vil garantert få svi når resultata blir talt opp midt i september 2015.
For det er ingen som trur at dei i Nedstrand, Skjoldastraumen, Tysværvåg og på Førland lar seg pelle på nasen av at dei «nye» på Frakkagjerd trur dei er komme til dekka bord. På bygda har ein hatt eit sterkt engasjement og levd under kommunen si fane «liv i alle bygder» i mange år allereie. Dei finn seg ikkje i flåsete utsegner verken frå folk i ytre delar eller frå ordføraren. Dei ristar oppgjevne på hovudet og smiler, når han gong på gong fortel at det ikkje har noko å seie om ein legg ned skular eller tar vekk tilbod til barn og unge.
Og då blir det kamp, ein sunn kamp kor ein faktisk både kan skape lokalt engasjement og samstundes få belyst kva ein kjempar for. Slik at ein ikkje berre trur at ting er bra eller dårleg, men faktisk klarar å få det dokumentert.
Så vil ei eventuell kommunesamanslåing i framtida vise om dette var kampar det var verdt å ta.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør