Sindre Tøresdal Hope var ein av omlag 500 ungar som kosa seg på cup i Grinde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjold IL fikk tilbake 143.360 kroner i momskompensasjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Knallkjekt på cup i Grinde

Sindre Tørresdal Hope var ein av 500 spelarar som i dag har vore på cup. – Knallkjekt. Dette er ein fin sundag, smilte Straumen-spelaren.

Spelarar frå 58 lag spelte 92 kampar i både regn og finvêret i dag og det var god stemning på banane.
– Me spelte mot eit lag frå Grinde og då er det viktig å ikkje tape. Eg spelte ein omgang ute og ein som keeper. Aller kjekkast å spele ute, men eg slapp berre eit mål, sa ein nøgd Sindre.
– Kjekt at det blei litt betre vêr utover dagen. Det var frykteleg vått dei første timane. men det har gått greitt, spelarane kosar seg og det er det viktigaste, seier Kåre Breiteig, leiar i Skjold IL.

Meir frå cupen og bilder kjem i avisa på torsdag.