Thormod Ness skåra på overtid og Stegaberg vann over Vedavåg 2. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Thormod Ness skåra på overtid og Stegaberg vann over Vedavåg 2. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ness sikra poeng på overtid

To treff i tverrliggaren og skåring på overtid. Det var eit visst drama då Stegaberg i kveld vann 1-0 over Vedavåg 2 på Sletten. Målskårar var spelande trenar Thormod Ness.

– Det var ein batalje kor me klarte å få mål heilt mot slutten av kampen. Først hadde Dag Frode Tønnesen og Thormod Ness kvart sitt tverrliggartreff, før Thormod fekk ballen i mål. Utruleg herleg å vinne slike kampar. Eg tenkte stygge tankar då me trefte tverrliggaren, men i dag var det stang inn til slutt, seier lagleiar Bjørn Skjoldevik.
Dermed rykka Stegaberg opp på 4. plass på tabellen, rett nok med ein kamp meir spelt enn dei andre laga.