Når pengebruk blir gull

Tysvær kommune brukar meir pengar enn kommunar me likar å samanlikne oss med, også når det gjeld idrett og kultur.

Det måtte kultursjef Ingvar Frøyland stå rakrygga å fortelje på eit folkemøte nyleg og det kjem også fram når ein les tal frå rapporten som skal finne ut kor skoen trykkje økonomisk i kommunebudsjetta.
– Kva så?
Når ein ser kva me sit att med av omdømerelaterte hendingar så er det freistande å seie at dette er pengar inverstert som allereie blinkar av gull.
For når Lars Magne Ullvang på ny viser at Tysvær Kano og Kajakklubb har landets beste padlar veit alle i padle-Noreg at grunnlaget for kongepokal og tre NM-gull er gjort på heimebane på anlegget i Tysværvåg. Ingen skal komme og fortelje at dette hadde skjedd utan at Tysvær kommune ein gong for lenge sidan gjekk med i eit interkommunalt og nasjonalt satsingsarbeid om å leggje padleanlegget til Troppene. Sjølv om Ullvang sin prestasjon også fortel om ein ungdom som har satsa, trena og ofra mykje for å nå sitt mål, er han garantert den første til å seie frå at det å kunne trene med dei fasilitetane som er i anlegget, har vore heilt avgjerande. Det har også skapt eit fagmiljø som gjer at klubben har nasjonale einarar i fleire klassar. I tillegg ser me at «gamle» stjerner som Nils Olav og Marianne Fjeldheim, framleis lar seg inspirere av miljøet i klubben og bidrar med sine ressursar.
På same skule som Lars Magne gjekk var det ein namnebror som også fekk inspirasjon til å drive med idrett. Lars Jøran Storhaug var kjapp. Så kjapp at då han flytta til Stavanger og Skjalg så enda han opp som ein av fylkets raskaste menn. Sist helg tok han steget og yppa seg mot Noregs-eliten. Han var på 100 meter landets fjerde raskaste.
Men der kor Ullvang har hatt eit miljø i Tysvær, måtte/ville Storhaug reise vekk. Det er ein skilnad som gjer at friidretten hos oss framleis lever i skuggen, og gjer at dei beste talenta må reise til det nye praktanlegget til HIL.
Me ser den same tendensen innanfor kultur. Kulturskulen er hjarte i det pulserande kulturlivet me har og har hatt i mange år. Mange av dei som i dag driv med teater og musikk som jobb, deltids eller for fullt, har ein bakgrunn frå kulturskulen. Men den kostar. Det same gjer kulturhuset.
Men Ingvar Frøyland ser og veit at det kostar å ha dei tilboda som me i dag har. Nå får me håpe at politikarane ser det same.
Gråstein er det mykje av i verda, og kanskje aller mest på landsbygda. Gull derimot kostar det ein del å investere i.
Så gratulerar til Storhaug, Ullvang og kultur og idretten i Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør