Det blei hektisk i teltet då ein drivaksel fekk seg ein smell. Men Riise kom tilbake og sikra seg ein 2. plass. Foto: Riise Motorsport
Det blei hektisk i teltet då ein drivaksel fekk seg ein smell. Men Riise kom tilbake og sikra seg ein 2. plass. Foto: Riise Motorsport

Først trøbbel, så suksess

Arild Riise held fram med å imponere under Grand prix stemnet i Danmark. Men, ikkje heilt utan dramatikk.

I dagens første finale blei han påkjøyrt og brakk ei aksling, noko teamet hans klarte å fikse, men som gjorde at han hadde 20. og siste startspor i den neste finalen.
– Der gjekk det knallbra og eg kjørte meg opp frå 20. plass til 2. plass. Dermed blei det ei god helg av det i grisevêret her i Danmark. Det pøsregnar, seier Riise.
Riise deltar i GP Danmark på Jyllands-ringen motorsenter.