Tom Roger Aadland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom Roger Aadland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Oppløyst og medtatt»

I januar kjem Tom Roger Aadland med ei ny plate. Nå slepp han den første smakebiten.

«Oppløyst og medtatt» er ein smakfull og melodiøs liten sak.
Musikalsk er det leikent, noko gitarist og haugesundar Kjetil Steesnæs skal ha sin del av æra for.
Tekstmessig er det alltid spanande å lytte til Aadland, og denne gongen er det ein lengselsfull poet me treff på. Men saman med den litt slepne melodien blir dette både vakkert og spanande.
Ein ting som er svært interessant med Aadland er at han klarer kunststykket å få tekst og melodi til å spele saman. Ein blir sittande å lytte, og samstundes ta seg i at dette fungerer svært godt.
Når Aadland nå slepp denne singelen eit par månadar før den nye plata kjem ut, varslar den ikkje store kursendringar frå sist han var på vegen. Konserten i Tysværtunet sist var ei oppvisning i melodiøs pop/country/visesong frå øvste hylle. Så kvifor forandre på det. Kanskje er ikkje dette bare ein singel som vil sitte igjen i øyra som ein klassikar, men den gir samstundes store forventningar til neste album.
Og når tekst og melodi blir framført så stilsikkert, så reint og så ekte som dette, fortener det at ein tar seg til tid å lytte.
Aadland er blitt ein Haugaland-artist som me trykker til vårt bryst også denne gongen.
19. november kjem Tom Roger Aadland tilbake til «blackboxen» i Tysværtunet.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

«Oppløyst og medtatt»

Tom Roger

Tom Roger Aadland
Erland Dahlen, trommer
Tor Egil Kreken, bass
Kjetil Steensnæs, gitar
Lars Voldsdal, produsent
Singel, sept. 2014