Stegaberg-gjengen kan glise utan å ha spelt i kveld.
Stegaberg-gjengen kan glise utan å ha spelt i kveld.

«Stega» fekk hjelp av Vedavåg2

Vedavåg 2 slo i kveld Ølen 4-3 i ein spanande kamp i Ølen. Ølen lå allereie på andreplass, to poeng foran Stegaberg før kampen. Det forspranget klarte dei ikkje å auke.

Eit sjølvmål, eit mål av Magne Christensen og eit mål av Bjarte Hovland var ikkje nok mot botnlaget frå Karmøy. Dermed blir kampen om plassen bak suverene Torvastad i 5. divisjon endå meir spanande.
Stegaberg møtar det absolutte botnlaget Haugaland, på Frakkagjerd, fredag.
Falkeid, som tapte for Ølen sist veke, møter Karmsund i morgon kveld på Sakkestadbanen.