Det er tungt å vere Falkeid-spelar om dagen. Geir Espevik spelte seg stort opp mot Karmsund og stoppa etterkvart heimelagets storskårar. MMS-foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er tungt å vere Falkeid-spelar om dagen. Geir Espevik spelte seg stort opp mot Karmsund og stoppa etterkvart heimelagets storskårar. MMS-foto: Alf-Einar Kvalavåg

Så nær, så nær poeng

Falkeid kjempa godt og klarte å få Karmsund ut av stilen. Men nok ein gong blei det for mykje sjansesløseri. Haugesundarane vann 2-1.

– Trist at me ikkje klarar å få meir ut av det, for me spelar ein god kamp. Men me må ha mange sjansar for å få ballen i mål. I dag blei det med mitt eine og det var ikkje nok, seier Sondre Voll.
Falkeid sin første store sjanse kom etter eit kvarter. Kjell Andreas Lindgren dundra ballen i tverrliggaren og returen heada Geir Wegge over frå kort hald. Så hadde Falkeid eit par farlege hjørnespark som trille over eller forbi alle. Då gjekk det som det ofte gjer. Karmsund sin toppskårar Kim Damien Belazara skåra på sitt første forsøk.Rett før pause dobla Henrik Aase med sitt første skott på mål.
Tempo
Etter pause kom Falkeid stadig meir med. Spesielt etter at Joar Øvrebø kom inn på kanten blei det stadig fleire halvsjansar. Til slutt fekk gjestane betalt då Sondre Voll skåra etter ein daudball.
– Me fekk stadig meir rom på midten og dei blei trøttare og trøttare. Me spelte bra og kom til nok sjansar. Dessverre ville ikkje ballen i mål, seier Stian Knutsen.
Det mest dramatiske skjedde midt i 1. omgang då keeper Daniel René Mikkelsen fekk ein stempling i låret av ein Karmsund-spelar. Merket etter knottane varsla ei skikkeleg lårhøne.
– det var ikkje godt, men eg nekta å gi meg. Etter kvart blei det mindre og mindre å gjere for meg, oppsummerte Mikkelsen som faktisk hadde et par svært gode involveringar rett etter skaden.

Meir om kampen mot Karmsund og sist vekes kamp mot Ølen i papirutgåva.

https://tysver-bygdeblad.no/2014/08/28/mykje-betre-men-ikkje-godt-nok/

Faktaboks

Karmsund 2 (2)
Falkeid 1 (0)
5. div. avd. 3
Sakkestad kunstgras
1-0 Kim D. Belazara (15)
2-0 Henrik Aase (45)
2-1 Sondre Voll (84)
Dommar: Kjell B. Sørensen, Stegaberg