– Gratulerar med dagen, Reidar. May Jorunn Vatnaland i SR-Bank serverar senterleiaren på Aksdal Senter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Gratulerar med dagen, Reidar. May Jorunn Vatnaland i SR-Bank serverar senterleiaren på Aksdal Senter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gratulerer med dagen, Aksdal Senter

Klokka 12 spretta senterleiar Reidar Nordmark ei av fleire jubileumskaker i Aksdal Senter. 30-årsjubileet skal feiras tre dagar til ende.

Det er tett program heile dagen og folk som har tid midt på dagen har funne vegen til kakefesten nå klokka 12.
– Kjekt å sjå så mykje folk og me har meir kake på lur, seier senterleiar Nordmark.

Aksdal Senter var eit av dei aller første kjøpesentra som blei opna på Haugalandet. I ei tid kor eit eventuelt nytt senter stadig blir diskutert kan jubilanten nå feire at det er 30 år sidan opninga.
I kveld rundas den første dagen med feiring av med eit fyrverkeri klokka 22.00.