Blir det gravferd i Aksdal?

Det er ein ting politikarane i Tysvær ikkje er noko særleg glad i. Gode råd frå Tysvær Bygdeblad, spesielt på leiarplass. Difor skal dei få eit par til å tyggje på.

For etter å ha vore gjester på plannemnda sitt orienteringsmøte denne veka og etterpå snakka med ei rekke politikarar og forretningsfolk er konklusjonen klar. Skjer det ikkje noko i Aksdal snart, så blir det ingenting av dei idear og planar som me nå har sett på i ti år.
Så mitt råd blir då at ein umiddelbart må sette eit langt hardare og meir fokusert trykk på utviklinga av kommunesentrumet. Elles må ein krype til korset og seie at dette får me ikkje til.
For det er ikkje det at ingen vil ta tak i Aksdal. Det finnest nok av politikarar, folk i administrasjonen og elles i kommunen som vil, og dei vil det skikkeleg. Problemet er at det for oss virke som om dei kjører sololøp og ikkje klarer å samle entusiasmen og finne dei løysingane som må til for at det skal bli eit sentrum og ikkje berre ein butikk og to.
Det er fleire år sidan me hissa på oss både den eine og andre då me skreiv at Aksdal by var død. Nå har ein klart å halde «liket» i kunstig ande i fleire år. Stadige justeringar, forandring på kart og nye vegløysingar har stadig gitt eit lite håp om at det vil skje noko. Men det ser ut til at kvar gong ein nærmar seg noko positivt, så dukkar det opp eit innspel og to ut av ingenting. Innspel som i beste fall gir utsettingar, i verste fall er med på å aktualisere gravferda.
Dei siste innspela er at ein på nytt vil sjå på plasseringa av bussterminalen. Nå er det snakk om å legge den på austsida av rådhuset. Interessant, kanskje, men garantert noko som vil utsette oppstart av eit nytt Aksdal Senter.
Og ein treng eit nytt senter, det er dei aller fleste einige om. For det blir sagt på spøk at ein i ytre deler av kommunen har to flotte museum. Arquebus og Aksdal Senter.
Eit anna råd er at slik me oppfattar det så er det liten eller ingen kommunikasjon mellom næringslivet og det politiske Tysvær. Her må ein spele kvarandre gode og nytte seg av dei ressursane som finnest i kommunen. Med den varsla auken i handelslekkasje mot Haugesund må alle gode hovud samlast og det snarast.
Til slutt skal politikarane få eit råd med på vegen frå ein som bur på Frakkagjerd sidan eg ikkje såg nokon frå den ytre delen av kommunen på plannemndmøte.
Ideane på Frakkagjerd som det blei snakka om på møtet på tysdag held ikkje mål. Det er ikkje slik ein løyser problematikken med Frakkagjerdvegen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør