Birge Nymark må framleis sjå langt etter at det skjer noko i Aksdal.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Birge Nymark fortel at dei har strenge reglar for alkoholsal på Meny Aksdal, og at dei som sit i kassen fysisk må trykke på ein knapp for å godkjenne om kunden er over 18 år. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

– Saknar tydeleg fokus

Då planutvalet tysdag fekk presentert handelsanalysen utført av Norconsult, fekk dei også tid til å diskutere kor ein vil ha handel i framtida.

Noko overraskande blei det brukt mykje tid på Frakkagjerd. Det frustrerer Birge Nymark i Aksdal Senterutvikling (ASU).
– Eg hadde forventa at ein nå snart ville ha alt fokus på å få til noko i Aksdal og ikkje bruke ein masse tid og ressursar på å utgreie meir på Frakkagjerd. Slik eg ser det er ikkje ei slik innblanding bra med tanke på å skape eit heilskapeleg handelssentrum i Aksdal. Det gjeld ikkje berre for kjøpesenteret, men for alle dei planane som er i sentrum, seier Nymark.
Krav
Arealkrav frå fylket gjer at ein ikkje kan planlegge næringsareal fritt lenger. Tar ein næringskvadratmeter og legg ein stad, betyr det at ein må ta vekk frå ein annan.
– Fryktar du at nye tankar nå kan stoppe heile kjøpesenteret som ASU har planar om å sette opp i Aksdal?
– Det eg fryktar mest er nye utsettingar, nye rundar med planarbeid og ikkje minst ein ny periode med nye politikarar som må sette seg inn i saka, og som gjerne vil påverke utviklinga.
– Kva kan ASU bidra med akkurat nå?
– Det som er rart, om ein kan bruke eit slikt utrykk, er at det i forbindelse med handelsrapporten og ikkje minst diskusjonen om korleis me kan stoppe handelslekkasjen frå Tysvær, ikkje har vore nokon dialog kor me har vore med. Det virke som dei gjer alt dei kan for å unngå å ha med oss i diskusjonane sine, seier Nymark.

Les heile saka i papirutgåva