Tysvær Bygdeblad ville også vere med å gjere stas på Gunnar Kallevik. Difor blei det ei ekstra feiring saman med ordførar Harald Stakkestad i våre lokale denne veka.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunnar Kallevik her sammen med ordfører Harald Stakkestad da det ble kjent at han var en av fire fra Rogaland som er invitert til slottet..

– Velkommen til slottet

28. oktober skal Gunnar Kallevik i audiens hos Kong Harald. Han er ein av fire frå Rogaland som skal settast stas på som eldsjel i frivillig arbeid.

På sjølvaste 70-årsdagen låg det eit brev i postkassen med litt uvanlig fin konvolutt.
– Eg reagerte litt på den og det var med litt ekstra skjelving i fingrane eg forsiktig opna den. Der sto det at Kongen inviterte meg til Slotten den 28. oktober. Der skulle dei heidre ei gruppe eldsjeler for innsatsen med frivillig arbeid. Det var stort, seier Gunnar Kallevik.
Gunnar Kallevik har i ei årrekkje jobba gratis både for Stegaberg IL og for frivilligsentralen i Aksdal. Han har også hatt eit stort hjarte for friidretten og det å få folk ut på tur. Kvar onsdag er det vaflar og spasertur for ei stor gruppe i Aksdal, eit tilbod som stadig blir meir populært.
Og det er dette som er bakgrunnen for at han blei nominert.
– Eg likar ikkje å stikke meg fram, men skal innrømme at det var stort når eg fekk vite om dette. Må vel kjøpe meg frakk og greier då, smiler Kallevik.
Soleklart val
Nå skal dei seiast at det ikkje var Kongen personleg som hadde fanga opp innsatsen til Gunnar Kallevik. Han måtte ha hjelp.
– Eg fekk ein telefon frå fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa om Tysvær kunne nominere to frivillige «heltar». Ho hadde fått ei oppfordring frå slottet som ville gjere ekstra stas på ei slik gruppe. Gunnar sitt namn kom med ein gong og han blei ein av dei nominerte. Etter ei tid fekk eg vite at han var plukka ut som ein av fire frå Rogaland, som nå er invitert til slottet. Og det skal eg helse og seie er stort. Eg var så heldig å få audiens på slottet som ein del av grunnlovsjubileet og det er noko av det største eg har opplevd i alle dei åra eg har vore ordførar, seier Harald Stakkestad.

Les heile saka i papirutgåva