Ny idrettshall og barne- og ungdomsskule i Søre Tysvær

I førre valkamp gjekk Høgre og Arbeiderpartiet, saman med dei andre partia i Tysvær, høgt på banen med å plassera og planleggja for ny skule og idrettshall på Troppene.

Folk fekk for 3-4 år sidan inntrykk av at alle partia ville starte bygginga av idrettshall og skule innan om lag 8-10 år.
Kommuneplan utvalet hadde møte førre veke der kommuneplanen blei gjennomgått før den skulle sendas ut på høyring. Her gjekk Høgre og Arbeiderpartiet inn for rådmannen sitt forslag om å vurdera bygging av skule og idrettshall i Søre Tysvær «på sikt». – SP, Venstre, Krf. og Frp. reagerte på dette og var samstemde i å fjerna uttykket «på sikt» i kommuneplanen. Det å vurdera eit prosjekt «på sikt» er det same som å ta det vekk fra den tidshorisonten som politikarane i dag har styring over og ansvar for.
Det å slik gå bort frå lovnader til innbyggjarane er med å skape usikkerhet til prosjektet og mistillit til politikarane. Usikkerheten rundt prosjektet har og ført til at både idrettslaget og skulen ikkje veit korleis dei skal planleggja vidare.
Arbeidet med områdereguleringsplanen for Slåttevik- Tysværvåg er godt i gang og den skal vera ferdig våren 2015. Nå må det verta jobba målretta for å få realisert planane for idrettshall og skule på Troppene innafor ei tidsramme som innbyggjarar, skule og idrettslaga kan halde seg til.
Kommunen er inne i ein omstillingsprosess for å redusera driftsutgiftene. Denne prosessen har alle partia vore samde om til nå. Ein kommune i vekst må likevel også forsetja å investera i infrastruktur, skular og barnehagar for å vera førebudd på utviklinga som vil skje i kommunen. Det er meir eit spørsmål om kva prosjekt som skal prioriteras innanfor dei avgrensa rammene ein har til investeringar. Politikk er å fordela godane. Det handlar og om vilje til å realisera prosjekter.
Ved å setja av 15-20 mill. kvart år i 5-8 år vil kommunen kunna realisera idrettshall og ny barne- og ungdomsskule innan Rogfast opnar. Fleire parti ser og at ei utviding av eigedomsskattegrunnlaget kan vera ei muleg finansiering. Nå må vi ikkje halda igjen men visa vilje til å satsa framtidsretta i eit område med stort utviklingspotensiale.
Etableringar på Haugaland Næringspark vil krevja tilgjengelege tomter i området for nye tilflyttarar. Når Rogfast opnar vil ein og venta auka tilflytting. Dersom vi ikkje har utbyggjingsklare bustadtomter, barnehageplassar og eit godt skuletilbod vil nye innbyggjarar etablera seg i nabokommunane.
Ny idrettshall, skule og eit flott kajakk anlegg vil vera trekkplaster for nye innbyggjarar til området. Vi må våga å satsa for å skapa utvikling og gode oppvekstmiljø.
Varaordførar og gruppeleiar i Tysvær Krf.
Kristine Aurdal