Det er stor aktivitet på kunstgraset på Troppene. Kjem det hall i enden av kunstgraset kan ein trene innomhus heile vinteren.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er stor aktivitet på kunstgraset på Troppene. Kjem det hall i enden av kunstgraset kan ein trene innomhus heile vinteren.

Kan bli fotballhall

Det har vore eit sterkt ønske om ein idrettshall på Troppene. Det kan det bli, men kanskje ikkje slik ein trudde.

For det har vore snakk om ein vanleg idrettshall med enten parkett eller sportsdekke. Nå har kloke hovud sett på kva det vil koste.
– Me vil nå innkalle til ekstramøter for å sjå om det er muleg å få til ein hall som kan vere både ein fotballhall og ein hall kor det går ann å drive allidrett og trening for handball. Me er blitt utfordra til å komme opp med ein idé om korleis me kan få til ein idrettshall for søre-Tysvær og det å bygge ein såkalla kaldhall, lik den til Avaldsnes IL og lik den Skudenes UIL nå skal i gang med, ser me på som så spennande at me vil gå vidare med det, seier leiar i Falkeid IL, Narve Susort.
Grunnen til at dette nå kjem opp som eit økonomisk realistisk prosjekt er spesielt knytt til driftsutgifter.
– I den prosessen me er inne i nå i Tysvær kommune kor me har eit sterkt fokus på sparing så ville ein ny «vanleg» idrettshall påført både kommunen og idrettslaget nye store kostnader knytt til drift. Då kom ideen om å lage ein fotballhall opp. Drifta av desse er langt billigare, seier Høgre-politikar Ola Apeland, som tok opp planane i kommuneplannemnda sist veke og fekk vedteke eit oversendingsforslag.

Les heile saka i papirutgåva