Kjære Eirin… og andre gode menneske

I ei verd kor dårlege nyhende dagleg pregar oss blir innsatsen til dei gode menneska ekstra velkommen.

I ei tid kor stadig meir handlar om meg og mitt gjer frivillig arbeid, innsamlingar og innsats for dei som ikkje har det så godt inntrykk.
Eirin Frøyland har vore aktiv den siste tida. Ho har reist rundt og samla inn symbolske 250 kroner per operasjon, til blinde som for denne summen kan redde synet. Mange har støtta dette og vist at det framleis er omtanke att i oss.
Heldigvis finnest det fleire slike som Eirin, folk som av ein eller annan grunn har funne ut at dei vil sette andre framfor seg sjølv. På Haugalandet har me lenge høyrt om trailerar til Ukraina og innsamlingar til både Fretex og helsearbeid i utlandet. Mange gir og støttar fast og ser på dette som ei påminning om at ikkje alle har det like godt som oss.
Og det er fantastisk å bli kjent med desse medmenneska. Det er stort å få høyre deira historie om kor dei hentar inspirasjon frå. Me får høyre kva som motiverer til arbeid for dei mange der ute og den umettelege trongen til hjelp.
I vårt land har me hatt gode tradisjonar om å gi. Me startar allereie «treninga» i barnealder med å halde småbasarar, selje saft og vaflar. Lite anar dei kanskje om kor mykje dei kronene dei får inn har å seie.
Mange av oss har også fadderbarn. Ein del legg meir i det enn andre, men det er noko spesielt når konvolutten med brev frå fjerne himmelstrok dukkar opp. Den litle ungen har etter kvart blitt stor.
Sjølv om det alltid vil vere muleg å stille spørsmål om innsamlingar og det å sende pengar ut i verda, må me av og til også sjå på verdien av å tenke på andre. Det å lære ungane våre opp til at me i Noreg faktisk har ein plikt til å hjelpe, slik me hadde forventa hjelp om det var me som var i den same håplause situasjonen.
For det er berre å erkjenne at me er på vakt. Me gir ikkje automatisk ved dørene, bokstaveleg talt. Når utlendingar ringer på ein sein kveld og treng pengar både til det eine og andre så blir me skeptiske. Mange av oss, meg inkludert, takkar nei og kjenner ekstra godt på døra etterpå for å vere sikker på at den er låst.
Mange av oss som dagleg er på Aksdal Senter passerer jamleg enten ein som sel «Asfalt» eller ei kvinne som spør om me vil ha eit magasinet «Folk er folk». Dei fleste av oss går rett forbi og møter på neste utfordring. For frå nå av og fram til jul vil det stort sett kvar dag vere nokon som sel lodd. Dette utfordrar oss, og for ein del blir det ein kamp mot samvitet, ein kamp me av og til tenkjer me kjem litt dårleg ut av.
Men eg trur ikkje me skal tenkje slik. Me gir forhåpentlegvis der me meiner det er rett. Så er me heldigvis skrudd saman slik at me ikkje tenkjer likt.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør