Elevane ved Straumen skule klare til start. Foto: Jan Øvernes
Elevane ved Straumen skule klare til start. Foto: Jan ØvernesBilde 1 av 6
Skjermbilde 2014-10-05 kl. 13.34.04
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2014-10-05 kl. 13.34.12
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2014-10-05 kl. 13.34.20
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2014-10-05 kl. 13.34.26
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2014-10-05 kl. 13.34.47
Bilde 6 av 6

Jogga inn 45.000 kroner

89 våte elevar på Straumen skule sprang inn heile 45 000 varme kroner til SOS Barnebyar i Tanzania på den første skulejoggen på Straumen skule.

Eit fantastisk resultat av iherdige elevar og slekt og bedrifter som sponsa!
Den 2250 meter langa løypa med ca 80 meter stigning gjekk på grus og asfalt rundt Straum. Trass det våte veret hadde alle minst to rundar, og dei ivrigaste greidde heile åtte rundar! Lenga på løpet vart altså frå 4500 til 18000 meter. Prøv sjølv, så kan du kjenna kor langt det er! Alle hadde på førehand skaffa seg sponsorar som betalte pr runde. Tippar nokre av dei vert overraska då dei fekk resultata! Mykje av grunnen til det gode resultatet låg nok i serveringa undervegs. Den fabelaktige foreldregruppa stilde med frukt og juice både på Haugen og på Notaflot, og var dessutan ivrig heiagjeng rundt store deler av løypa.

Skrive av Jan Helge Øvernes