Styrer Sysco Arena alt som skal skje på Frakkagjerd?

«Det å gå bort frå lovnader til innbyggjarane er med å skape usikkerheit til prosjektet og mistillit til politikarane» skriv varaordførar Kristine Aurdal (KrF) i TB 25. september.

Nå er det ikkje søre Tysvær eg vil kome inn på, men alle dei gode planane me hadde for Frakkagjerd-området for nokre få år sidan.
Spesielt tenkjer eg på Hamrane 2 og Dagsenteret for dei svakaste innbyggjarane våre, dei utviklingshemma. Agenda Kaupang la fram tal på at denne tenesta driv Tysvær Kommune altfor dyrt og driftsutgiftene må kraftig ned. Dermed blei nye avlastningsbustadar og Dagsenteret lagt på is.
Nå viser det seg at Agenda Kaupang sine tal var feil og at kommunen sine folk har rekna på dette og kome fram til at drifta av bustadar til utviklingshemma og avlastningen ikkje var så dyr likevel.
Me tar det som ein sjølvsagde ting at ungane våre skal få plass i barnehagen, at ungane våre skal ha gode klasserom og lærarar og at dei eldre skal ha det godt. Alt er lagt til rette for kvar enkelt av oss.
Men det er ikkje sjølvsagt at utviklingshemma i vår kommune skal ha ein plass å bu i vaksen alder. «Tysvær Kommune har veldig gode tenester» har ein framståande politikar frå Høgre uttalt. Ja, kvifor ikkje? Godt å leva. Kjekt å jobbe. Mykje å oppleva», heiter det.
Nå skal dei 7 bueiningane reduserast til 3! 27 ungdommar skal nå bu saman i 3 bueiningar. Det blir omlag 9 leilegheiter på kvar stad. Alt dette for å gjere det billigare for kommunen. Kva kostar det å byggje ut desse tre plassane? Kva med dei som står på venteliste for å få leige seg ein kommunalbustad? Byggjer ein bustadar til dei også? Me har snart 20 ungdommar i denne køen.
Hamrane 2 var planlagt i nærleiken av Sysco Arena og Dagsenteret i Frakkagjerd barnehage.
Nå er det snakk om å kjøpe opp eigedomar og byggje private bustadar, parkeringsplassar og treningssenter i dette området nær Sysco Arena. Er det så å forstå at kommunen vil i neste omgang flytte avlastningen og dei bustadane som allereie er der for å gjere plass til endå meir «parkering» for Sysco Arena? Dette bygger har kosta mange av oss dyrt.
Nå veit eg at Husbanken ikkje godtek store bueiningar lenger, men omlag 8 bustadar i ei eining. Korleis skal ein få godkjent omlag 47 bustadar på 3 plasser?
«Politikk er å fordela godane» skriv varaordføraren vår. Ja det er nok det. Då trudde eg at dei svakaste og mest trengande skulle stå først i køen, og ikkje oss andre.
«Det handlar om vilje til å realisera prosjekter» står det vidare. Det er så sant at det gjer nesten vondt. Men i vår kommune er det dei svakaste som taper og dei som skrik høgast som får.
Då tenkjer eg ikkje berre på Sysco Arena viss det kan vere ei lita trøst.
Me går ein spennande haust i møte.

Synnøve Bårdsen Lindanger
Leiar i NFU Tysvær
kommunestyremedlem Arbeiderpartiet