Odd Nordstoga imponerte i storsalen i Tysværtunet. Aleine på scenen drog han ei rekkje av sine hits. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Odd Nordstoga imponerte i storsalen i Tysværtunet. Aleine på scenen drog han ei rekkje av sine hits. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Alle treng ein som Odd

Odd Norstoga er blitt ein «bestevenn» innanfor pop, vise og folkemusikksjangeren. I Tysværtunet viste han kvifor.

Frå opningslåta «Aude Strand» frå Pilegrim til avslutninga med «Upp Gledjest alle, gledjest no» frå samarbeidet med Sissel Kyrkjebø leika Nordstoga seg gjennom ei rekkje flotte songar og morosame historier.
Og det treng ikkje vere så vanskeleg for telemarkingen å vere på vegen aleine, når songboka han er tettpakka med kjende og populære songar.
Men det krev sin mann. For innimellom desse songane skal det seiast noko. Og der imponerte Nordstoga. Små og lenge historier fall i god smak i salen og gjorde sitt til at det blei ein fin stemning.
Grisen
Med gitaren, eller sine trekkspel koste Nordstoga seg gjennom både «Bestevenn» og «November». Nydeleg og perfekt i haustmørke. Ein sit heile tida og lurer på kva veg han tek og det går ikkje lenge av konserten før han villeg vekk innrømmer at mykje av suksessen sin, ja for han er i følgje seg sjølv godt kjend, skuldast gris. Og dermed fekk mange i salen sin favoritt «Grisen står og hyler» eller som den heiter, «Kveldssong for meg og deg».
Høgtsynging
Midt i konserten fekk me oppleve høglesing, eller rettare sagt høgtsynging frå boka «Eg og Pontus går i land». Ein artig liten sak illustrert av Rune Markhus, som i følgje Nordstoga, har aner her på Haugalandet. Og skal ein tolke boksalet etter konserten var det mange som ville sikre seg ei signert julegåve.
Det var forresten kjekt å registrere at det fysiske formatet framleis har sitt publikum. Plater og bøker fekk bein å gå på.
Kven var så publikum? 175 hadde løyst billett, ikkje verst for ein slik konsert. Gledeleg mange nye ansikt å sjå, og det var folk frå heile distriktet. Forhåpentlegvis fekk dei oppleve storsalen som eit godt alternativ som konsertsal.
Nøgd
Hovudpersonen sjølv var naturlegvis i godlaget etter konserten.
– Det var ein god konsert for eg følte at eg fekk så god kontakt med dei i salen. Eg prøver å sette opp eit program som famnar bredt. Men eg er ikkje ein slik type som hugsar alle songane eg har laga, så nå var det desse 14 eg har pugga teksten på, smiler Odd Norsdtoga.
– Korleis er det å vere aleine på scenen?
– Det likar eg godt. Men det blir litt meir press på meg, men det er kanskje endå lettare å få kontakt med publikum når ein står der aleine med gitaren eller trekkspelet.
– Det blei allsong og greier…
– Ja, det var voldsamt. Blei litt imponert då dei stemte i. Men det handlar vel om at ein har det fint i saman. Var tydeleg at folk hadde høyrt songane før, smiler Nordstoga og signerte så blekket spruta.
Det blir kanskje feil å jakte på høgdepunkt. Eit lite augeblikk midtvegs virka Nordstoga litt sliten, men då drog han i gong ein fantastisk versjon av «Ein farfar i livet». Også ekstranummeret «Frøken Franzen» var det litt ekstra snert i. Men ho er ikkje frå Tysvær, det kan me nok slå fast.
Odd Norstoga aleine var meir enn godt nok. Naturlegvis.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Konsert
Odd Nordstoga
Song, gitar og trekkspel
Tysværtunet
Storsalen
Publikum: 175
Spelte 14 av sine mest kjende songar.
1 time 35 minuttar