Kai Peder Birkeland ser lyst på framtida. Verksemda har allereie mange oppdrag klare for 2019. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Team Rynkeby – God Morgon Haugaland har trena i mange månadar fram mot sykkeltu-ren frå Oslo til Paris. I morgon går startskotet for den velgjerande sykkelturen.

Arbeidet er i gang

Kontrakten er signert og jobben med del to av Førre-krysset er i gang. No må folk belage seg på lange køar framover.

Av Mona Terjesen

Førre torsdag signerte Statens vegvesen kontrakten med Vassbakk & Stol AS for jobben med andre del av Førre-krysset.

Det var altså Vassbakk & Stol som vann anbodskonkurransen med eit tilbod på 78,7 millionar kroner. Dei andre aktørane som kom med tilbod var Bertelsen og Garpestad AS med 82,7 millionar kroner og Risa AS med 85,5 millionar.
Ein skal altså bygge om krysset mellom E134 og fylkesveg 771 til eit planfritt kryss.
– Me må fylle i Førrestjørna, slik at me kan få eit nytt påkjøringsfelt til E134 for den austgåande trafikken. Statens vegvesen bygger eit nytt kryss på toppen av Førresbrekka og ein ny veg ut og inn av E134. Denne delen av arbeidet blir tatt først, for å lette omkøyringa som kjem seinare, opplyser prosjektleiar Einar Færasas frå vegveseneFæreaas.

Les heile saka i papirutgåva.