Gabriel N. Johnsen (t.h.) skåra mot Ørjan Birkeland og Karmsund. Bak ser me Josef Alidani. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gabriel N. Johnsen (t.h.) skåra mot tre mål SkånevikFoto: Alf-Einar Kvalavåg

Sjansesløseri på høgt nivå

Det var nesten lettare å skåre enn å bomme på nokre av Stegaberg sine største sjansar. Det ble med eit mål, og dermed berre eit poeng mot Karmsund.

17-5 i sjansar og 1-1 i protokollen er sjølvsagt ikkje godt nok. Men Stegaberg skapte mykje, spelte god fotball og produserte tross alt alle desse sjansane. Berre ein gong fekk dei ballen bak ein god og heldig Svein Erik Enge i Karmsund-målet.
– Det var eit flott angrep på høgresida kor Erik Frøyland slo eit godt innlegg. Ein bomma og ballen hamna hos meg. Den såg eg i mål, seier Gabriel N. Johnsen.
Stegaberg si høgreside med Frøyland, Vegard Stakland og Ruben Kleiven var svært gode den første omgangen. Gang på gang rulla dei opp angrep, som blei rota vekk framføre mål. Også Kristoffer Askeland kunne blitt hugsa lenge etter kveldens kamp. På «Zlatan-vis» tok han seg forbi to-tre Karmsund-spelarar for å sette ballen like utanføre mål. Hadde den gått inn hadde me snakka om årets mål på «kunsten».
Greit nok
Trenar Thormod Ness var nøgd med spelet, men sjølvsagt ikkje imponert over avsluttingane.
– Me speler ein god kamp har høgt tempo i lange periodar og skapar mykje. Men sjølvsagt skulle me ha skåra meir enn eit mål. I dag var det mange juniorar som fekk spele. Det er desse me må satse på framover og då er det viktig dei får prøve seg, seier ein rimeleg nøgd Thormod Ness.
– Kva kan du seie om framtida til Ness som trenar?
– Me er i ein dialog og mykje skal gå galt om det ikkje blir ein ny runde med Stegaberg. Eg fekk litt tunge tankar i haust når mange av spelarane forsvann vekk før kampar og ikkje var på trening. Nå ser dte betre ut og me har tross alt hatt mykje kjekt denne sesongen, seier Ness.
Dag Frode Tønnesen skada seg då han brente ein straffe 20 minuttar før slutt.
Stegaberg hadde også fleire skott som smalt i stengene.

Faktaboks

Stegaberg 1 (1)
Karmsund 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunst
1-0 Gabriel N. Johnsen (27)
1-1 Kim Damien Belazara (37)
Dommar: Sjur-Jarle Hauge, Djerv 1919
Tilskodarar: 25