Tom Roger Aadland  Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom Roger Aadland er ute med ei liveplate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Blåtimen

Det er ein av desse konsertkveldane i Tysværtunet, som me treng så mange fleire av. På golvet står to gitarar og ventar.

I blackboxen er det satt ut dei 80 stolane det er plass til. Berre nokre få er tomme når Tom Roger Aadland, med sin kjende hatt, ruslar inn på scenen.
– Kjekt å sjå dokker. Håper me får ein fin kveld, smiler han og går i gong med hiten frå den siste plata «Fløyel og stål», «Min beste ven på ein dårleg dag».
Ein strålande opning og eit tydeleg teikn på at det er alvor, i kveld også. Aleine med sine gitarar er ein sårbar, men Aadland lar eg ikkje stoppe. Han fyller på med den eine songen etter den andre. Glitrande tekstar på nynorsk og eit gitarspel som får fram eit nikk og to frå eit publikum som stort sett veit kva dei har i vente.
Dylan
Mange av dei hadde lest og høyrt at Aadland skulle spele frå «Blod på spora» Dylan på nynorsk. Song for song, oversett og utgitt for fem år sidan. Nå var det tid for mimring. Det blei med fire songar, men for ei openbaring, av ein artist som så til dei grader elskar å synge desse songane. Dei sit som støypt og ein merkar ei litt høgare stemning i rekkene bak oss i salen.
I tillegg til gamle songar hadde han også med seg eit par smakebitar frå den nye plata som kjem i januar. Ein litt tøffare Aadland, kanskje? Me får sjå og høyre når han slepp albumet som blir det femte i rekka.
Viktig
Tom Roger Aadland er det ein kan kalle ein haugalandsartist med nettverk både i Tysvær og i nabokommunane. Han har i ei årrekkje vore ein viktig bidragsytar både for musikkforma, men også for det å presentere musikk på nynorsk. Hans lune og fine humor, bind saman konsertane og gir umiddelbart kjensla av at dette treng me meir av, mykje meir.
Men så er det dette med scenar og publikum i Tysvær då. Kor skal me invitere til slike perler av nokre konsertar?
Me har vore på konsertar dei fleste stadane i Tysvær der det har vore arrangement, og dei fleste klarer å skape ei flott atmosfære. Men det er tøft å vere arrangør i Tysvær. Ein kan nemleg ikkje stole på publikum, og det er litt trist. Me har ikkje klart å skape ein kultur for å gå ut.
Blackboxen i Tysværtunet er eigentleg scenen i hovudsalen kor ein har skapt ein ny scenen der slike konsept som Aadland fungerer perfekt. Men i Tysværtunet kan ein ikkje ta seg eit glass, når ein er på konsert, og om det sjølvsagt ikkje er noko ein må, så er det nå ein gong slik at konsertpublikum ofte har fleire krav enn at artisten leverer på scenen.
Det gjorde Aadland og han er hjarteleg velkommen tilbake med sitt nye album.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Konsert
Tom Roger Odland,
gitar og song

Tom Roger Aadland

Blackbox,
Tysværtunet
Publikum: 60
Dette spelte han:
Min beste ven på ein dårleg dag
Postkort i oktober
Einsam utan deg
Kjensler
Farsfolket
Farten til lyden
Vikla inn i blått
Lagnaden sin vri
Om du ser ho, hels frå meg
Fall for deg for alvor
Deg eg er no
Du gjer meg einsam når du dreg
Fiskarmanns blues