Kan eg framleis bu i bygda mi?

Av og til er det nyttig å reflektera litt over korleis me har det og kvifor me har slik. Etter ein dag på jobb der eg har sett ein stor del av våre bygder og varierte landskap, er det ein del tankar som naturleg kjem i desse statsbudsjettider. Våre bygder er i stor grad utvikla i takt med næringsgrunnlag og naturgitte forhold. Gjennom generasjonar er gardsbruk i ulike størrelsar blitt rydda og dyrka. Busetnaden i bygdene er ofte knytt opp mot kor gardsbruka ligg. Dei som har hatt muligheit til å utvida sin drift, har i stor grad gjort det. Dette for å ha garden som leveveg for familien. Etter som samfunnet har endra seg med omsyn til krav til utkomme av den enkelte gard, har mange fleire arbeid utanom gardsbruka. For dei fleste er dette eit val som viser interesse og ansvar for å produsere i takt med naturgitte forhold og ta vare på bygdemiljø.

Eg har prøvd å sett på kva dagens Regjering har komme med i dette bildet. Ved jordbruksforhandlingane i vår, kom det utspel om heilt nye størrelsar og innretning av tilskotsordningar i landbruket. Sjølv etter forhandlingar med faglaga i landbruket, var det umulig for landbruks organisasjonane å kunne anbefale ein avtale. Det er respektlaust og setja fag og erfaring frå faglig hold ut av spel. Når kart og terreng ikkje stemmer, har det til dags dato vore rett og naturlig å endre kartet. Men dette gjorde lite inntrykk på regjeringa, dei justerte seg minimalt fyrst etter at det var siste utveg i forhandlingar i Stortinget.
Så kjem forslaget om statsbudsjett for 2015, her ligger det nye utfordringar og krav i forhold til deltidsbruk og mindre bedrifter. Grensa for momsref i samband med næring nedre grense tredobbles til 150000. Nok eit klart signal på sentralisering og undervurdering av kva verdiar som skal bort.
Alle forstår vel at større bruk gir fleire heiltidsbønder. Dette har bønder i alle år nytta seg av når det er anledning til å utvide bruka sine, men har dei som foreslår desse grepa innsikt i utfordringane dei skaper? Med utgangspunkt i vårt distrikt vil dette medføre mjølkebønder som best kan kallast «asfaltbønder». Dei må ha eit arealgrunnlag som er så stort at dei må bruke store areal som dei leiger. I tillegg må dei gjøre investeringar som er langt større enn eige jord grunnlag tilseier. Så kjem spørsmål om beitegrunnlag for ein besetning som er fleire gonger større enn det den enkelte bonde rår over. Beitet må nødvendigvis ligge i nærleiken av driftsbygning.
Dette ville Regjeringa løyse med å lempe på krav om kyr skal ha eit minimum av tid på beite. Var det enkelte som stilte spørsmål om dyrevelferd? Spørsmålet er om bonden skal bruke store deler av arbeidsdagen til transport. Kva med fagmiljø og sosialt nettverk for dei som får enda meir arbeid/ organisering å utføre.

Kva er så eg vil fram til med dette? Skal prøve og ta fram nokre sider av dette. Som innbyggjar i dette flotte landet vårt, er eg som dei fleste andre stolt over alt det mangfaldet landet byr på.
Men dette har ikkje kome heilt av seg sjølv. Bygder og landskapet er gjennom generasjonar dyrka og stelte av flittige hender i pakt med å hauste av naturgitte forhold. Etterkvart som vår (kanskje påtatte) velstand brer om seg, har me ein tendens til å tru at det meste kan kjøpast. Generasjonar som aldri har opplevd anna enn «me får det betre i år enn sist år», er i fred med å leggja premisser for ei framtid som eg er uroleg for. Med dagens politiske leiing i landbruksdep, ser eg mørke skyer. Det hjelper lite å ha bakgrunn frå ein vanleg Vestlandsgard, når Fr P sin politikk skal gjennomførast. Reknar med det blir mange måltid med politiske kamelar på menyen. Prøver å sjå kva har me igjen i våre bygder etterkvart som lysa vert slukt i «dei ulønnsame» heimane. Tenk 10 år fram i tid, gjengroing og fråflytting viser kva som ein gong var. Det som i dag er populære turområda med kultiverte landskap, blir overtatt av naturen, kor er sauene og andre husdyr som beita på dess områda? Kvifor skal me ha skular og bygdemiljø med kapasitet til fleire elevar, det er sjølvsagt billigare å sentralisere og bygge ut kapasiteten i sentrale strøk. Få kommunane store nok så «forsvinn» dei som vil ivareta bygdene. Alt blir billig berre me sentraliserer nok. Men ikkje alle politiske parti har dette som sin agenda. Kanskje me nå i desse budsjettider skal sjå på politiske krumspring, framfor og la oss imponere av slagord i aug/ sep anna kvart år.

Er norsk mat for dyr i dag, eller er feil personar som stikk av med fortenesten? Treng me rein norsk mat, eller skal me satse på billigare importert mat? Kva så med kontrollen på tilsetningar og innhald o.l.?
Kan det være et etisk spørsmål om me i dette landet skal leggja ned deler av vår produksjon for å konkurrere på verdsmarknaden om billig mat?
Skal me framleis snakke ned dei som vil oppretthalde og bygdemiljø, kanskje bør me stikke fingeren i jorda før det er for seint. Og respektere ulike val og verdiar. Min påstand er at landet Noreg treng dei ulike miljø og oppvekstområde.

Svein Terje Brekke