Signe Lill Maas er vekas portrett i Tysvær Bygdeblad. Foto: Håvar Førland
Signe Lill Maas er vekas portrett i Tysvær Bygdeblad. Foto: Håvar Førland

Mennesk–e–verd alt

Vår Gud han er så fast en borg, men Signe dei som klarer seg utan slikt, ja mellomalderske borger altså, borgarleg derimot, namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd, eit alternativ til dei kyrkjelege tradisjonane våre.

Det er måndag ettermiddag og hausten er ikkje påtrengjande i negativ forstand. Temperaturen er berre delvis i takt med kalenderen, det er utevêr sjølv om blada har haustfargar på og sevja er på veg ned i rota for å kvile seg nokre månader. Sola har hatt sitt å gjere i dag, framleis varmar ho litt, og med det kjem eg på barnesongen me brukte dagvisst på folkeskulen, «Fager kveldssol smiler…» Og apropos smile, hovudpersonen vår denne veka har vore ansvarlig for avslutninga i Festiviteten i samband med humanetisk konfirmasjon, og mangt eit smilande og høgtidsstemt foreldrefjes i salen har ho sett. Ja forresten, ho har svært lett for å smile sjølv òg, det er nok ikkje noko ulempe i lærarjobben ho har og i utøvinga av dei embeta ho utfører for Human–Etisk Forbund.
Vår Gud han er så fast en borg, men Signe Lill Maas dei som klarer seg utan slikt, ja mellomalderske borger altså, borgarleg derimot, namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd, eit alternativ til dei kyrkjelege tradisjonane våre. Humanisten eg har intervjua er sertifisert vigsler og kursa i å konfirmere.
HEF har etter kvart lange tradisjonar i kongeriket, organisasjonen kom til landet i 1956. Frå å vere ein avgrensa flokk har dei i dag vakse til rundt 83.000 medlemmer på landsbasis og er representert i alle kommunar i landet. I Rogaland blei forbundet stifta i 1978, men da hadde det allereie eksistert eit lokallag i Stavanger i tre år. Vi snakkar om ein aktiv organisasjon, med jamne mellomrom held dei arrangement som skal styrke den humanistiske tradisjonen i kulturen vår. Til dømes blei det arrangert humanistisk veke 12. – 28. september, kurs for å bli konfirmantleiar, 18. og 19. oktober er det ideologiseminar på Kronen gard i Sandnes, filosofikafé går måndvisst før jul, og så kan du melde deg på kurs viss du har lyst å vere gravferdstalar.
I dag har fylkeslaget sju lokallag som dekkjer alle kommunane i Rogaland, og dei har i overkant av 5000 medlemmer over 15 år.

Signe Lill Maas er vekas portrett i papiravisa