Petter Kvamen Clausen debutertesåra to mål mot Moster. Foto: Aud Irene Eikemo
Petter Kvamen Clausen debutertesåra to mål mot Moster. Foto: Aud Irene Eikemo

Stegaberg gjorde jobben

Sveio hadde ein mulegheit til å ta igjen Falkeid om alle resultata gjekk deira veg. Det var heilt til dei møtte Stegaberg og ungguten Petter Clausen. Det enda med 7-0-siger til «Stega».

Stegaberg tok tidleg leiinga ved Kristoffer Askeland. Så gjekk det slag i slag til det sto 7-0.
I andre omgang debuterte ølensbuen Petter Kvamen Clausen. Han skåra like godt dei tre siste måla.
– Eg er sjølvsagt veldig godt nøgd med tre mål i debuten. Det virka som om alle var svært godt nøgde med kampen og det var ein enkel 7-0-siger. Var ikkje akkurat nokon slitekamp, seier Clausen.
Det same meinte Sveinung Hellerslien.
– Kan vel seie det var ein god kamp alt i alt, mange juniorer som får mye spilletid og fekk vist seg fram. Var ein junior som skåra hattrick mot slutten og det var bra, seier Sveinung Hellerslien.
– Det blei mykje mål.
– Kan trygt slå fast at me var mykje meir effektive i dag enn sist mot Karmsund, seier midtbanespelaren.
Skadd
Mot Karmsund skada Dag Frode Tønnesen seg då han tok ein straffe. Skader er så pass alvorleg at Tønnesen neppe speler meir kampar i år.

Faktaboks

Sveio 0
Stegaberg 7
5. div. avd.3
Sveio kunstgras
1-0 Kristoffer Askeland
2-0 Jarle Stakland
3-0 Sjølvmål
4-0 Gabriel J. Noriega
5-0 Petter K. Clausen
6-0 Petter K. Clausen
7-0 Petter K. Clausen