Nå blir det nedsatt fart i Førre. Foto: Mona Terjesen
Nå blir det nedsatt fart i Førre. Foto: Mona Terjesen

Set ned farten på E134 Førrestjørn

Frå onsdag 29. oktober blir farten sett ned frå 70 til 40 kilometer i timen på E134 forbi Førrestjørn.

Entreprenør Vassbakk & Stol AS har starta arbeidet med å bygge om dagens kryss mellom E134 og fylkesveg 771 Høievegen/Fjellvegen til eit toplanskryss.
– Grunnen til at det blir 40-sone ved Førrestjørn er at entreprenøren begynner å arbeide like ved E134. Entreprenøren set ut betongblokker som sikring langs E134. Vegbanen blir difor snevra inn, seier byggeleiar Helge Kjetilstad i Statens vegvesen.
– Dette gjer vi for å trygge arbeidarar og trafikkantar, poengterer Kjetilstad.
Statens vegvesen skal betre trafikktryggleiken i krysset på E134 Førrestjørn. Rundt 20.000 bilar køyrer forbi kvar dag. Når alt står ferdig blir det enklare og tryggare å kome seg av og på E134.

Dette er informasjon sendt inn av Statens Vegvesen.