Dirigent Martin Kinn og Tysvær Brass vann 3. divisjon under «Siddis Brass» i helga. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er helga 7. og 8. februar at landets beste vaksenkorps møtest i Grieghallen. Tysvær Brass og Martin Kinn er i ferd med å terpe på dei siste detaljane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ventetida er over

Tysvær Brass er skjerpa og klar for å vise musklar under prestisjekonkurransen Siddis Brass. Målet er ein topplassering i 3. divisjon.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Tysdag var det førkonsert i kantina på Karmsund vgs., ein konsertgjennomføring som nok gjorde godt før turen til kuppelhallen på Bjergsted.
– Eg trur ein del av musikantane senker skuldrene litt etter å ha hatt ei slik gjennomføring. Me er ein fin blanding av unge og eldre musikantar, og til saman får me då eit miljø kor det er lett å komme inn, og kor dei rutinerte tar seg av dei nye. Likevel er det alltid godt å ha ei skikkeleg gjennomføring før ein konkurranse, seier dirigent Martin Kinn.
Han har valt ut «Colourama» – full suite av Jacob Vilhelm Larsen som Tysvær Brass sitt konkurransenummer. Fem satsar og mellom anna solistinnslag av Kjetil Djønne.
– Eg meiner det er eit stykke som både passar korpset godt, og som kanskje også dommarane. Me er i konkurransemodus når me reiser på slike konkurransar og går for ein topplassering. Eg merka i dag at musikantane er trygge på stykket, og i ein konkurransesituasjon er ein alltid litt ekstra skjerpa, seier dirigenten.

les heile saka i papirutgåva

Faktaboks

Viktig arrangement
Underhaldningskonkurransen Siddis Brass finn stad kvar haust i Bjergsted Musikksenter (Stavanger Konserthus, Musikk konservatoriet, Musikkskulen og Bjergstedhallen kor Tysvær Brass skal spele).
3. divisjon blir streama av TV2 Sumo og vil gå i opptak utover kvelden.