Tysvær Bygdeblad har i samarbeid med Norfakta, spurt 500 tysværbuar om kva dei meiner om framtidige kommunegrenser og eventuelle samanslåingar Foto: Alf-Einar Kvalavåg
det er gjort en feil med utregningen av kommunale avgifter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ønskjer ikkje samanslåing

Ei meiningsmåling som Tysvær Bygdeblad har fått utført, viser at 51 prosent av tysværbuane ikkje ønskjer kommunesamanslåing.

Ordførar Harald Stakkestad er ikkje overraska over at halvparten av dei spurte i undersøkinga i dag meiner at Tysvær klarer seg best sjølv.
– Då er det vel sånn det er då, kommenterer han.
500
Tysvær Bygdeblad har i samarbeid med Norfakta, spurt 500 tysværbuar om kva dei meiner om framtidige kommunegrenser og eventuelle samanslåingar. Ein kunne komme med fleire alternative svar, men over halvparten meinte at Tysvær klarer seg meir enn godt nok aleine.
– Det er nok slik me tenkjer i Tysvær akkurat nå, og det er vel tal me kunne sjå komme ut av ei slik undersøking. Det er sjølvsagt interessant at mange ser føre seg at me bør kontakte Bokn, og det er som eg tidlegare har uttalt, noko me kjem til å gjere. At Haugesund er nummer to, er kanskje ikkje så overraskande, sett med bakgrunn av at svært mange tysværbuar bur tett på kommunegrensa i den ytre delen av kommunen, seier Stakkestad.
Ikkje hastverk
Då Tysvær fekk invitasjon til å vere med på Haugaland Vekst kommunane sitt forprosjekt, takka ein saman med Bokn nei. Dette etter forslag frå Arbeidarpartiet om å vente til at oppgåvebildet ligg klart. Første del kjem i desember, og eit fullstendig vedtak blir gjort av Stortinget i juni 2015.
– Dette er eit lite overraskande resultat, men eit resultat som eg er glad for. At eit fleirtal av innbyggarane no seier i Bygdebladet si måling, at dei ikkje ønskjer å slå seg saman med nokon, er i tråd med signala AP har fått etter utsettingsforslaget, seier gruppeleiar Sigmund Lier.

Les heile saka og sjå tabell i papirutgåva