Vegard Stakland er «Årets spelar» og fekk pokalen av redaktør Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad. Foto: Erik Frøyland
Vegard Stakland er «Årets spelar» og fekk pokalen av redaktør Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad. Foto: Erik Frøyland

Vegard Stakland «Årets spelar»

Vegard Stakland er «Årets spelar» i Tysvær etter ein jamn og god sesong. Mot Sauda i avslutningskampen, som enda 2-2, var han nok ein gong blant banens beste.

Etter kampen fekk han pokalen som viser at ingen av dei andre lokale spelarane har vore betre poengsankarar enn midtbane- og forsvarskrigaren på Stegaberg.
– Må jo få lov til å seie at dette var ein kjekk avslutning på sesongen. Eg er nøgd med eigen innsats og me hadde også ein god sesong med laget, heilt til kampane mot Vats 94 og Ølen øydela for oss. Dette er ein fin motivasjon til å stå på vidare, seier Stakland.
I år har ein rekke «ekspertar» vore med og gitt poeng og ein ting har skilt seg klart ut. Vegard Stakland har vore ein einar.
– Eg sleit litt med ein kneskade og mista eit par kampar. Elles har det vore ein god sesong for meg kor kroppen har fungert fint. Årets høgdepunkt var utvilsamt kampen borte mot Falkeid kor me storspelte. Heilt klart det beste me har gjort denne sesongen, seier Stakland.
Eit poeng
Stegaberg avslutta med 2-2 og eit poeng mot Sauda. Begge lag nytta seg av ein del unge spelarar som fekk viktig erfaring med seg inn i vintertreninga. På Sauda spelte tysværbuen Håkon Skogland, medan Glenn Fjellet og Johannes Sjursen tok seg av dei to Stegaberg-måla.

Andre resultat:
Ølen – Sveio (3-0, Sveio ikkje møtt)
Leirvik – Ferkingstad 4-2
Torvastad – Falkeid 4-7
Vats 94 – Karmsund 5-1
Haugaland – Vedavåg 2 0-6

Meir om årets spelar og ikkje minst årets lag i papiravisa neste veke.

Faktaboks

Stegaberg 2 (1)
Sauda 2 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
0-1 Atle Mehus (30)
1-1 Glenn Fjellet (40)
1-2 Mats Haugen (83)
2-2 Johannes Sjursen (88)
Dommar: Adrian Hima, Haugar
Tilskodarar: 20