– Ta i mot Ingvar. Tysvær kommune si jubileumsbok er klar for sal og kultursjef Ingvar Frøyland (t.v.) og Vidar Aarhus i bygdebokutvalet er svært godt nøgde med resultatet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Ta i mot Ingvar. Tysvær kommune si jubileumsbok er klar for sal og kultursjef Ingvar Frøyland (t.v.) og Vidar Aarhus i bygdebokutvalet er svært godt nøgde med resultatet.

Ei praktbok om Tysvær

Laurdag kom jubileumsboka om Tysvær for sal. Det er blitt ei praktbok, spekka med historie, spanande menneskje og flotte bilete.

– Det har vore ein lang veg å gå, men nå har me boka her i nevane og det kjennast godt. Det er blitt ei fantastisk fin og spanande bok, seier kultursjef Ingvar Frøyland.
Laurdag inviterar bokkomiteen til bokslepp i kulturhuset. Mange har noko å sjå fram til.
– Boka er todelt med ein samtidsdel og ein historisk del. Her har forfattarane gått tett på dagens Tysvær og samstundes fått med historia til den 50 år gamle kommunen. Dette er ikkje noko tunglest bok, men heller ei bok ein bør bla i og ta fram jamleg. Det er ei bok som bør kunne ligge framme, meiner Frøyland.
Redaktørane Jørn Lekven og Svein Inge Langhelle har fritt fått boltre seg i det Tysvær har å by på. Eller fritt er kanskje å ta litt hardt i.
– Ja, men ikkje langt frå sanninga. Denne boka kan ikkje innehalde alt, men skal gi eit bilete av både det som er, og som har vore viktig i vår historie. Det har komme inn svært mange forslag om gode saker og så har redaktørane toke eit utval av dei. Me er god nøgde med resultatet, seier Vidar Aarhus i bygdebokutvalet.
Bare ja
Ein tilbakemelding som forfattarane har gitt gleder dei to.
– Uansett kven dei snakke med var det berre ja. Ja til å stille opp, ja til å komme med bakgrunnsinformasjon og ja til å hjelpe til med bilete. det har heilt klart vore med på å få fram kvaliteten i boka, seier Aarhus og Frøyland.
Det er vanskeleg å dra fram høgdepunkt i boka, men det er som Frøyland påpeikar ei bok som eg kan bla i, lese og hente fram att fleire gonger. Eg likar spesielt godt den historiske delen kor det er ein svært god sak om korleis ein tenkte då Aksdal skulle vere eit sentrum. Det er også spanande historier knytt til Cleng Persson, Petter Strømming og Lars Hertervig. Kapitelet om Kårstø-anlegget er også historisk interessant og aktuell, seier Vidar Aarhus.
– Eg trur eg vil trekkje fram heilskapen i boka som det eg sit att med som det beste. Det blei ei kvalitetsbok og det var me så fokuserte på i starten å få til. At me då har klart det, ser eg på som ein styrkje for heile prosjektet. Me skal feire oss sjølv neste år og denne boka er eit fantastisk festskrift, seier Frøyland.
Aktivt
– Når ein les i boka står Tysvær fram som ein variert og svært aktiv kommune. Overraska?
– Nei, det er eg ikkje. Men det kjem godt fram når ein lagar ei slik bok på 300 sider. Her er historier frå friviljug arbeid og frå næringslivet. Her treff ein personar som gjer viktige jobbar i nærmiljøet og heilt sikkert lokale kjendisar som ein om muleg vil få eit nytt inntrykk av. Som sagt var det mykje å velje i og eg er sikker på at det er nokon kjente i boka for dei aller fleste, seier Frøyland.
Laurdag blir boka presentert frå scenen i kulturhuset, ein seanse leia av Vidar Aarhus. Då blir det song og musikk og diverse intervju med sentrale aktørar i bokprosjektet.
– Me hadde som mål å komme ut med boka i slutten av bLEST. Det klarte me og me er både spente og glade for å endeleg legge boka ut for sal. Den skal vere med på å byggje opp om Tysvær sin identitet og det er me sikker på at den gjer. Boka er trykt i eit opplag på 2.000 eksemplar og er på omlag 300 sider, seier Ingvar Frøyland.
Tysvær kommune har tidlegare gitt ut fleire bygdebøker, men dette er ei heilt anna type bok.
– Det er det og i tillegg til dei nemnte redaktørane har fleire levert tekstar. Mange har også vore med på bilete sida. Me kan trygt slå fast at dette har vore eit lagspel og då får me eit slikt fantastisk flott resultat, seier to av fleire glade bokutgivarar, Vidar Aarhus og Ingvar Frøyland.

Denne omtalen sto på trykk i papirutgåva 6. november