AP + Høgre= sant?

Aj, aj for ein herleg valkamp me kan få i Tysvær. Allereie før det heile er dratt i gang for alvor, er det «full krig» om neste års Tysvær-budsjett. Og me har fått to markante grupperingar.
AP og Høgre mot resten.

Det opnar på mange måtar for ein valkamp kor dei små partia i kommunen for alvor må vise seg fram i det politiske bilete. Og det er bra. Det er bra fordi det bør, og må hente ut det beste i gruppene, og i enkeltpolitikarar. Det bør også vere freistande for eventuelt nye politiske spirer, å melde seg til politisk arbeid på bakgrunn av dette. For når ein etter berre to gruppemøte sannsynlegvis allereie har møtt veggen og kan leggje vekk draumen om eit felles budsjettforslag, så opnar det seg mulegheiter for parti som Krf og Senterpartiet, spesielt, men også for Venstre og Frp til å igjen komme på den politiske arenaen med sine saker.
Det er ikkje noko sjokk at Sigmund Lier og Ola S. Apeland har funne den politiske tonen og nå kjem til å sette fart på lokomotivet som skal gi dei ordførar og varaordførar vervet neste haust. Det er berre litt overraskande at dei hiv kol i omnen så raskt.
Men det er på mange måtar positivt at ein går aggressivt ut og utfordrar dei andre partia. Det handlar om ungdomsskule, skulegrenser og eigedomskatt. Det handlar om sentralisering. Og om eit felles budsjett glipp, så kjem det nok raskt til å komme andre «gode» valkampsaker på agendaen rimeleg raskt.
På ein måte er dette ein ny politisk kvardag i Tysvær. Etter tre litt slappe år er det tydeleg at nå skal det skapast ein ny politisk kvardag. Nå skal det endeleg skje noko. Når dei to største partia i Tysvær saman ønskjer det, så er det stor grunn til å tru at det vil skje noko merkbart. Det er det mange som har etterlyst. Avklaringar i Skjoldastraumen, i Tysværvåg, i Aksdal og på Frakkagjerd står høgt på ønskelista til dei som skal levere si stemme.
Den politiske fella er at ein slik offensiv er eit tviegga sverd. Det skal ikkje store bommerten til før folk i dei nemnte områda mister trua og snur. Konsekvensen av det er at dei fire andre partia då saman kan komme opp med meir etelege og ønskja alternativ, og sanke stemmer dei elles aldri ville fått om alle partia hadde vore samde.
Nå skal partia få ein sjanse til å bli samde og det skjer allereie på måndag. Men skal ein tolke signala som har komme dei siste dagane, får me fram mot valet i september ei rekkje spennande saker, kor kvart parti, kvar politikar og kvar veljar, alle kan spele ei hovudrolle.
Det gir lokaldemokratiet ein ekstra dimensjon.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør