Lensmann Racin Tjøsvoll var tilstades under orienteringsmøtet i august. No er politiet klar med sin uttale i rusbustadssaka. 
Akrivfoto: Mona Terjesen
Lensmann Racin Tjøsvoll var tilstades under orienteringsmøtet i august. No er politiet klar med sin uttale i rusbustadssaka.

Politiet: Anbefalar Eikeskogkrysset

Politiet si uttale i rusbustadsaka er klar. Det beste plasseringsalternativet er området ved Eikeskogkrysset, meiner dei.

Av Mona Terjesen
Rusbustadsaka fortsett. Naboar kan opplyse om at rådmann Arvid S. Vallestad, etter orienteringsmøtet i august – med bebuarane i området, NAV, politiet og folk frå kommunen, har tatt grep og bestemt at saka skal ut på høyring, før vidare behandling. I tillegg har kommuneoverlegen og politiet blitt bedt om å komme med uttaler med tanke på plassering av bustadane.
– Det blir spennande å sjå kva kommunen gjer med uttalane deira. Om det blir ROS-analyse, om saka går tilbake til levekårsutvalet for ny verdering av plasseringsalternativ, og om det har gått prestisje i plasseringa hos oss, eller om kommunen kjem til å vurdere andre alternativ, kommenterer ein av naboane.
Kommunen opplyser at uttalene er mottatt og at dei no utreier saka. Deretter går ho til politisk behandling, og alle dokumenta som har komme inn blir offentleggjort.
Tysvær Bygdeblad har allereie fått innsyn i politiet si uttale, og ho seier mellom anna at plasseringa ved Aksdalsvatnet kan komme i konflikt med lova om offentleg ro og orden.
– Butilbod som er rekna for fleire brukarar på same plass, egnar seg ikkje i etablerte bustadområde. Bustadar som ligg i rimeleg avstand til etablerte bustadsområde, tåler større belastning, utan at det til dagleg medfører vesentleg større risiko for forstyrring av ro og orden, seier dei i uttalen.

Les heile saka i papirutgåva.