Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Godt humør og store smil i dagane før stansen på Kårstø-anlegget. Frå venstre Håkon Falnes, Aibel, Leif Erik Bystrøm, prosjektleiar og Hans Tore Stensen, driftsjef.

Vekker mållaget til live

Tysvær Mållag har vore ei viktig brikke i målsaka i Tysvær. Men så blei det stille. Heilt til nå.

– Me har heile 19 medlemmer i mållaget i Tysvær og har veldig lyst til å starte opp eit lokallag. No kastar me oss ut i det og inviterer til møte. Etter måten er det mange medlemmer i Tysvær og me har lurt på om det kan vere mogleg å få til eit aktivt lag igjen, skreiv Hege Lothe, Informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag i ein e-post til Tysvær Bygdeblad.
Og med Karmsund Mållag sin leiar Solgunn Liestøl i spissen, blei det etter kvart ein lang dag rundt om i Tysvær for målfolket, før ein på kvelden avslutta med å få på plass eit interimstyre.
– Me kjenner at interessa for målsaka er der, og me ser at det trengst eit lokallag i Tysvær. Spesielt i skulen og barnehagane ser me at det tynnast ut i nynorskrekkene. Me trur god og korrekt informasjon kan få den negative trenden til å snu, seier Sverre Haaland, Margit Karin Aarset og Synnøve Bredal Bjelland.

Les heile saka i papirutgåva.