Polet, ein venn eller fiende?

Så blei det Norheim og ikkje Aksdal som fekk seg ein filial av Vinmonopolet. Slikt blir det jubel og tårar av.

Spørsmålet er kva ein grin og jublar for.
Når ein driv senterutvikling og handel, er det ingen grunn til å tvile på at eit Vinmonopol trekker folk, og hindrar tidvis at ein kjører til andre senter for å handle. Det er bevist, og det er ein av grunnane til at ein så gjerne vil ha edle dråpar inn i alle landets kjøpesenter.
Og for Aksdal Senter var det kanskje ekstra viktig. I ei tid kor det dessverre ikkje er noko nytt å melde om det «nye» senteret, så ville ein filial i dagens senter på mange måtar vore ei vitaminsprøyte, som ville sagt at kampen mot Raglamyr; ja den tar me «okke som».
Men, slik blir det ikkje. Og neste tildelingsrunde er i november 2015, med oppstart av nye butikkar i 2016.
Så for dei som driv butikkar i dagens senter, var melding sist veke nedslåande, og kan faktisk i yttarste konsekvens, sørgje for trange tider og avviklingar i året som kjem.
Likevel er det ein debatt som går parallelt med forretningsdrifta knytt til ein slik butikk. Han handlar sjølvsagt om tilgangen til alkohol.
Eg har fått fleire meldingar om at ein berre skal vere glad for at ein ikkje får «vondskapen» inn senteret. «Det er altfor lett å få tak i alkohol, slik det allereie er i Aksdal».
På ein måte kan ein skjøne slike kommentarar også, men nå er det slik at ein av tankane bak Vinmonopolet er å ha kontroll over alkoholsalet i Noreg. Det er ei streng regulering, som ein meiner skal gjere det både vanskelegare og forbode å omsette ulovleg alkohol her i landet. Dette har nordmenn lært seg å leve med, sjølv om hensikta også slår tilbake på fleire felt.
Svenskehandel, ulovleg kjøp av alkohol frå utlandet, smugling og heimebrenning har framleis ein viss posisjon i alkoholkvardagen i Noreg.
Eg trur det er ei misoppfatning at eit nytt «pol» vil føre til meir drikking i Tysvær. Til det er avstanden til Haugesund, eller dei nye filialane i våre nabokommunar i aust, for kort.
Det lokale næringslivet i Tysvær må også i åra som kjem slåss mot handelslekkasje. Ein av bremseklossane, som ein polfilial i senteret ville ha vore blei avvist. Det er både trist og uventa. Mange har fortalt meg at det var Tysvær sin tur i år. Lokale var peika ut og forventningane store. Difor er det bokstaveleg talt ein solid bakrus, som nå spreier seg i detaljhandelsnæringa.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør