Odd Nordstoga imponerte i storsalen i Tysværtunet. Aleine på scenen drog han ei rekkje av sine hits. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Odd Nordstoga imponerte i storsalen i Tysværtunet. Aleine på scenen drog han ei rekkje av sine hits. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Berre Odd, meir enn nok

Odd Nordstoga tok publikum med på både eit musikalsk reise, men også ei forteljarstund i Tysværtunet. Og om nokon frykta at Odd aleine ikkje skulle halde mål, var det inga grunn til frykt. Han leverte.

– Det var ein kjekk konsert med eit lydhøyrt publikum. Slik likar eg. Når eg reis rundt aleine så har eg eit fast utdrag med songar frå platene mine. Folk veit kva dei vil ha, og det er vel ingen grunn til å ikkje levere. Og i dag gjekk det veldig bra, seier Odd Nordstoga etter halvannan time i storstova i kulturhuset.
Og publikum fekk akkurat det dei var komen for å høyre, solid krydra me artige historiar fotalt på herleg Vinje-mål.
«Bestevenn», «Kveldsong for meg og deg», «Heim til mor» og salmen «Upp gledjest alle, gledjest no» kom alle som perler på ei snor.
Og med eit slikt reportoar blei det også god cd-sal etter konserten.

Les meir om Odd Nordstoga i papirutgåva neste veke.

Faktaboks

Konsert
Odd Nordstoga
song, gitar og trekkspel
Tysværtunet, storsalen
Frammøtte: 175
1.35 minuttar