Anita Halsnes og Sigmund Lier toppar Arbeidarpartiet si liste. AP-lista inneheld heile 33 namn, nokre veteranar og nokre nykommarar.
Foto: Mona Terjesen
Anita Halsnes og Sigmund Lier toppar Arbeidarpartiet si liste. AP-lista inneheld heile 33 namn, nokre veteranar og nokre nykommarar.

AP sin nye toppduo

Sigmund Lier og Anita Halsnes toppar AP-lista før valet i 2015. Med eit brakval kan dei verkeleg styre Tysvær inn i framtida.

Om 276 dagar blir det avgjort kven som skal styre Tysvær dei neste fire åra. Om dagens tendensar held seg kan Arbeidarpartiet igjen snappe ordførarstolen.
– Det er ein lang veg dit, men me ser at stadig fleire vil ha eit samfunn kor våre verdiar spelar ei større rolle. Det er ei rekkje saker som nå skal realiserast i åra som kjem, kor våre meiningar heilt tydeleg skal fortelje kva me meiner med eit samfunn kor fellesskap og like rettar tel mykje. Me skal ta Tysvær inn i framtida på ein måte som gangnar alle, seier Halsnes og Lier.
Medvind
Lokalpartiet opplever at medvinden som bles i ryggen på moderpartiet har nådd Tysvær.
– Det er klart at det er svært motiverande å starte ein valkamp når meiningsmålingar sentralt viser at me snusar rundt 40 prosent. Også i Tysvær Bygdeblad sin meiningsmåling kom me svært godt ut. Dette må me nå ta tak i, og vise veljarane kva me vil med kommunen i framtida, seier Lier.
Og han er klokkeklar på kva han meiner om kommunesamanslåing.
– Tysvær er meir enn stor nok til å klare seg sjølv. Det betyr likevel ikkje at me skal løyse alle problem og utfordringar i framtida sjølv. Det skal me gjere gjennom godt samarbeid, seier han.

Les heile saka og sjå AP-lista i papirutgåva.